25. september

"Thank you for the music" - The ABBA Story

  • Fra: 25. september 2019 19:00
  • Til: 28. september 2019 22:00
  • Sted: Lærdal ferie og fritidspark

Les mer (laerdalferiepark.com)

Den legendariske Svenske kvartetten i ABBA har framleis eit enormt namn i musikk-verda. Dei står ikkje lenger på scena saman, men du kan likevel oppleve eit show som du skulle tru Anni-Frid, Agnetha, Benny & Björn stod bak! Velkommen til historia om ABBA, "Thank you for the music". Kjøp billettar no, nederst på denne sida! 

Du kan kjøpe kun billett, eller kombinere denne med middags-buffet og/eller overnatting. 

Bak suksess-showet står Bernhard Kurz, ein velkjent produsent, som bringer publikum og fest-atmosfæra tilbake til glansdagane på 1970-talet. Kvartetten er akkompagnert av eit live-band av ypparste kvalitet, som får fram den beste musikalske opplevinga i alle songane. 

Det to timar lange showet tek føre seg alle dei beste slagerane til gruppa – «Waterloo», «Mama Mia», «Take a Chance On Me», «Money, Money, Money», «Dancing Queen» og mange fleire. Alt framført av profesjonelle artistar som ikkje berre liknar ABBA, men dei høyres også utrulig like ut dei originale stemmene. I tillegg gjenskapar dei scene-showa til ABBA med både dans, koreografi og kostyme. Det vil både sjå ut og høyres ut som at det er ABBA som står framfor deg! 

Showet har sitt opphav frå Estrel Berlin, men har også vist det fram rundt i Europa til svært god kritikk frå både aviser, musikkanmeldarar og publikum. No kjem dei endelig til Noreg for å vise fram showet! 

Billettar i sal frå 15. juli via www.ticketmaster.no og vår heimeside www.laerdalferiepark.com.

Moglegheit for: 

  • Overnatting (camping, hytte, leilegheit eller motell)
  • Middagsbuffet i forkant av show
  • Kjøp av drikke og forfriskningar i baren før, under og etter showet
  • Kjøp av t-skjorter og andre souvinirar

    For bestilling av overnatting, send epost til: show@laerdalferiepark.com

    Velkommen!
Til toppen