Foto: Aurland brann og redning
Har byrja opprydningsarbeidet etter ras
Fleire ras og mykje vatn pregar vegane i Sogn.
E16 ved Hylland bru i Aurland er framleis stengd etter ras.
– Geolog er venta på staden klokka 9:00, og det blir da vurdert opprydningsarbeid i løpet av dagen, seier trafikkoperatør Arne Viken hjå vegsentralen Vest.
Entreprenør er på staden og har starta opprydningsarbeidet. Det er mykje å rydde, samt det kan vere skade på vegbane og autovern. Det blir ny vurdering i morgon onsdag klokka 16:00, skriv vegtrafikksentralen Vest på X.
Vidare fortel Viken at det er satt opp ekstra ferjeavgangar mellom Vangsnes og Hella på ubestemt tid grunna raset.
Fv 630 Gimsøyn i Lærdal skal det komme eit steinsprang tidleg i morgontimane. Steinen var ifølgje Viken rundt ein kubikk, og skal ha hamna midt i vegbana. Entreprenør har vore på staden og rydda vekk steinen.
Ved Skagen Lille i Luster flauma det over i går ettermiddag. Det skal ha kome noko stein, jord og tre i vegen. Entreprenør vart kalla ut i går ettermiddag, og ryddinga fortsett i dag. Det er passasje på staden.
Fv 5623 ved Gudvangen ferjekai: Entreprenør har rydda vegen, og det er opent for fri ferdsel.
I går kveld flauma det over ved Elvøy i Luster, på vegen mellom Gaupne og Jostedal. Vegen er no open igjen.