
Årdal-Tyin stengd over helga
Framleis mykje stein i vegbana.
Tidlegare i veka gjekk det eit mindre skred som stengte vegen like ved Ljotelitunnelen. I forbindelse med oppryddingsarbeidet på fjellsida rasa det endå meir.
Torsdag kveld vart vegen rydda, men arbeidet med rensking frå fjellsida held fram.
– Derfor er vegen framleis stengt. Det blir tatt ei ny vurdering fredag klokka 12:00 sa trafikkoperatør Oliver Hatland Iversen til Porten då.
Fredag føremiddag skriv Vegtraikksentralen vest på Twitter at oppryddingsarbeid framleis pågår. Geolog er kalla til staden for å vurdere situasjonen.
Ny vurdering for opning av vegen vert klokka 16:00 fredag.
Stengd over helga
Etter at geolog har vore på staden anbefalast det å halde stengd over helga.
Ei ny vurdering vil verte gjort måndag klokka 12:00.
Årsaka skal vera at det dett framleis mykje stein ned i vegbana.
