Trafikkulukke i Sogndal. Ein bil involvert

Vegen er no open igjen.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 01.18 meldte 110 Vest om ei trafikkulukke i Sogndal. Ein bil med tre passasjerar var uheldig og traff fjellveggen.

Det skal vore ein bil involvert, og riksveg 5 Vikane mellom Sogndal og Kaupanger vart stengd, meldte Vegtrafikksentralen Vest. Politiet var på staden.

Årsaka er ukjent, men det er ingen mistanke om ruskøyring. Det vart ikkje rapportert om personskadar.

– Sjåføren var ein mann i 30-åra, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i Politidistrikt Vest til Sogn Avis.

Klokka 02.05 vart vegen opna igjen, melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.

Powered by Labrador CMS