Foto: Jonas Engebø
Rykka ut til bilbrann
Naudetatane rykker måndag kveld ut til melding om bilbrann ved Mannhellervegen.
Det melder 110 Vest klokka 22:00.
I følgje Vest politidistrikt skal det ha byrja å brenne i motoren på bilen. Det skal ikkje vera personar i bilen.
Det er framleis noko flammar frå motoren, men det er ingen fare for spreiing.
Det er ikkje meldt om personskader. Politi og brannmannskap på staden melder Vest politidistrikt klokka 22:09.
Klokka 22:24 melder politiet at brannen er sløkt. Patruljen er i dialog med bilførar. Han er uskadd.
Føraren av bilen var ein mann i 40-åra.
– Føraren merka plutseleg diesellukt i bilen, og det kom ein del røyk. Føraren gjekk først sjølv i gang med slukking, fortel Dan Erik Johannesen hjå operasjonssentralen vest.
Politiet har vore på staden og avhøyrt føraren, og oppretta brannsak.