Rykka ut til brann i buss

Publisert Sist oppdatert

Naudetatane rykker ut til Bøadalsvegen i Vik etter melding om brann i ein buss like ved Vik kyrkje. Det melder Vest politidistrikt klokka 18:36.

Det er ikkje fare for spreiing, då bussen står eit stykke unna bygg. Det er ikkje meldt om personskade.

Klokka 19:11 melder Vest politidistrikt at det oppstod brann i motorrommet på bussen. Ingen av dei 25 turistane ombord vart skada.

Bussen, sjåfør og passasjerar var frå Aust-Europa.

Powered by Labrador CMS