
Dalavegen vert stengt fram til jul
Ny asfalt og nytt rekkverk skal på plass, forhåpentlegvis før vinteren kjem for fullt.
Måndag 3. oktober startar vegarbeidet på Dalavegen gjennom Hausagjelet i Sogndal. Då vil den bli stengt fram til jul.
– Fordi vegen er smal og terrenget bratt vil det ikkje vere mogleg å halde den open gjennom anleggsperioden, skriv fylkeskommunen på sine nettsider.

I tillegg til ny asfalt og nytt rekkverk skal dei gamle støttemurane også skiftast ut to stader.
– Vegkanten er svak på denne strekninga, og det er setningar i vegbana. Dei gamle støttemurane må difor skiftast ut med nye natursteinsmurar på to plassar, seier byggjeleiar Odd Henning Kristiansen.