Ber bilistar vera obs på snø

Publisert Sist oppdatert

Det er ingen tvil om at me no er inne i haustsesongen. No melder nemleg Statens vegvesen om at det kan vera utfordrande føre i fjella natt til måndag.

– Det er kome noko snø på F55 over Sognefjellet og F51 over Valdresflye, skriv vegtrafikksentralen på Twitter søndag kveld.

Dei ber bilistar som skal over fjellet vera ekstra oppmerksame då det kan verte glatt på nokre delar av strekninga.

Powered by Labrador CMS