
Her vert det arbeida ut neste veke
Ved Steiggjetunnelen vert det utført vedlikehaldsarbeid framover.
Som kjend skal Steiggjetunnelen gjennomgå ei rekkje oppgradering i år. Fredag starta dei delar av arbeidet.
Arbeidet har byrja utanfor tunnelopninga på Øvre-sida. Dette er vanleg vedlikehaldsarbeid og kjem til å vara frå 07:00 til 19:00. Det gjeld også laurdag og søndag.
– No er det fjellrensk og bolting som skal gjennomførast, fortel Jan Audun Marøy i vegtrafikksentralen.
Ein må difor belage seg på ein del venting om ein skal mellom Øvre og Tangen i tida framover. Etter planen skal arbeidet vera ferdig søndag 10. juli klokka 19:00.
Men med fjellrensk veit ein aldri, så ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det kan koma steinar i vegbana under arbeidet.
Ventetida vil variera noko, med mellom 10 og 30 minuttar.
