Sivilforsvaret testa varslingsanlegga sine

Publisert Sist oppdatert

Onsdag klokka tolv testa Sivilforsvaret ut varslingsanlegga med signalet for «Viktig melding – søk informasjon».

Varslinga på onsdag var ein del av den vanlege testinga av anlegget, og har ingenting med ekstremvêret Gyda å gjere. Sivilforsvaret testar anlegga i juni og januar kvat år.

Under testen blir 1250 tyfonar som skal varsle befolkninga ved akutt far bli tatt i bruk. Signalet sendast i tre seriar med eitt minutt mellomrom, og betyr at ein skal søkje informasjon i media eller hjå myndigheiter.

Signalet går over heile landet.

Powered by Labrador CMS