SNØSKRED: Skredet gekk over rv.13 i Holesvingange.
SNØSKRED: Skredet gekk over rv.13 i Holesvingange.

Snøskred på Vikafjellet

Publisert Sist oppdatert

Vegtrafikksentralen Vest meldte klokka 09:45 om eit snøskred på Rv.13 Vikafjell.

Snøskredet skal ha funne stad i Holasvingane mellom Myrkdalen og Vikafjellet. Deler av vegen er sperra. Det skal vere passasje på staden.

– Det siste me veit er at entreprenør er på veg til staden, så dei er nok straks framme. Det var også snakk om å rydde vekk nokre skavlar som heng i tilknyting til vegen, seier trafikkoperatør Jørgen Bødtker like etter klokka 11:00.

– Den vurderinga vil bli gjort når entreprenør kjem fram.

Klokka 11:37 melder Vegtrafikksentralen vest at raset er rydda, og at vegen er opna for fri ferdsel att.

Powered by Labrador CMS