SOGNDALTRENAR: Tore André Flo
SOGNDALTRENAR: Tore André Flo

Start - Sogndal:

Rundspelt på Sør Arena

Start smadra Sogndal og vann til slutt 5-1, søndag kveld. Sjå livereferat frå kampen.

Publisert Sist oppdatert

Start møtte Sogndal på Sør Arena søndag kveld. Heimelaget låg eit poeng bak Sogndal før kampen etter ein brukbar sesonginnleiing.

Diverre var Sogndal aldri i nærleiken av å ta poeng i topp-oppgjeret. Til slutt vart det 5-1, men det kunne fort ha blitt meir.

Toré Andre Flo plukka ut desse elleve til å starte kampen (4-4-2):

Renze Fij – Hordur Gunnarsson, Andreas van der Spa, Martin Ove Roseth, Andreas Hoven – Jonatan Jonsson, Valdimar Ingimundarson, Mathias Blårud, Ulrik Mathisen – Kristoffer Hoven, Sondre Ørjasæter

På benken for Sogndal:
Daniel Gjerde Sætren, Peter Godly Michael, Eirik Lereng, Anders Johannessen Nord Kristoffer Haukås Steinset, Erik Hovden Flataker

Start-trenar Sindre Tjelmeland stilte følgjande mannskap: (3-4-3):

Marc Jensen – Vito Wormgoor, Luc Mares, Kristoffer Tønnessen – Eirik Schulze, Emir Derviskadic, Basilio Nchama, Sander Sjøkvist – Jonatan Braut Brunes, Alagie Sanyang, Lars Erik Fallenius

På benken for heimelaget:

Jasper Silva Torkildsen, Vegard Amundsen Bergan, Peter Reinhardsen, Kristoffer Valsvik, Henrik Robstad, Jon-Helge Ødegård Tveita, Cameron Ian Cresswell, Mathias Grundetjern, Jesper Gregersen

Sjå live-referat frå kampen nedanfor:

MÅLJEGAR: Andreas Hoven vart matchvinnar for Sogndal mot Kongsvinger førre måndag. Mot Start fekk han, og resten av sogndalspelarane seg ein langt tøffare oppleving.
MÅLJEGAR: Andreas Hoven vart matchvinnar for Sogndal mot Kongsvinger førre måndag. Mot Start fekk han, og resten av sogndalspelarane seg ein langt tøffare oppleving.

90.+3: Kampen er over. 5–1 er ein stygg smell for Flo sitt mannskap, som etter ein noko uheldig førsteomgang ikkje var i nærleiken dei siste 45 minuttane. Start klatrar forbi Sogndal på tabellen. No ligg kvittrøyene på 5.-plass.

90 + 3 minutt lagt til.

87.speleminutt: Så fekk Basilio Ndong også ein scoring. Venstrekanten har vore ein konstant trussel på venstresida. Avslutninga går mellom beina på ein Rundspelt Renze Fij.

Nok ein gong er det Fallenius som står for assist, hans tredje for dagen. 5-1!

84. speleminutt: Braut Brunes nok ein gang farleg frampå. Avsluttar like over mål. Lånesoldaten frå Lillestrøm står no med ni mål på seks kampar i OBOS-ligaen. Er nok hakket for god for dette nivået.

81.speleminutt: Michael med avslutning frå 20. Lite trykk i den. Ser fullstendig blotta ut for sjølvtillit.

Byte for Sogndal:
Kristoffer Hoven går ut for Erik Flataker som kjem inn.

Start gjer to byter.

80.speleminutt: Med ti minutt att er denne kampen avgjort for lengst. Tempoet senkar seg nokre hakk medan Start trillar ball. Sogndal legg seg bakpå. Kan vere klokt å forsøke å unngå fleire kontringar i mot i dag.

77.speleminutt: Start nære fem. Schulze blir spelt fri i bakrom og prøver å chippe over Fij som kjem rusande ut. Lereng kjem løpande og er på den. Balen endar til slutt med corner.

73. speleminutt: Så var det gjort. Jonatan. Braut Brunes får spasere med ballen like utanfor sekstenmeter og nok ein gang avsluttar han upressa. Valsvik startar det heilek, via Fallenius til Brunes som set sin tredje for dagen.

69.speleminutt: Tidlegare sogndalspelar Kristoffer Valsvik kjem inn for Alagie Sanyang.

68.speleminutt: Der kom reduseringa. Ingimundarson skyt ballen frå godt over 20 meter, med strak rist etter ein klarering frå Wormgoor på hjørnesparket. Ballen går klink opp mot venstre kryss. FOR ein scoring frå islendingen. Kan dette tenne håpet for Flo sine menn, eller er det for seint?

66.speleminutt: Ørjasæter sikrar frispark frå 20 meter. Van der Spa skyt den i muren og ut til hjørnespark.

64: speleminutt: Ndong blir spelt fri på venstre flanke etter lekkert kombinasjonsspel med Fallenius. Blir takla og vil ha straffe. Dommar vinkar vidare.

60.speleminutt: Sjansebonanza for Start. Sjøkvist utførar og skyt frå høgre flanke, rett på Fij.

Like etter surrar Mathisen det til og gjev vekk ballen i eige felt. Braut Brunes blir nesten spelt fri, men denne gongen er Van Der Spa vaken og sklir ballen ut til hjørnespark.

Mykje upresist frå Sogndal no.

57.speleminutt: Ndong utfordrar og skyt frå venstre flanke. Rett i labbane frå Fij som har hatt mykje å gjere i starten av 2. omgang.

55. speleminutt: Sogndal verkjer å vere fullstendig i oppløysing no. Start kontrar igjen. Braut Brunes åleine med keeper men denne gongen reddar Fij.

53. speleminutt: Wormgoor får avslutte frå sju meter, men ballen går hamnar like utanfor nota, via Sogndalspelar til hjørnespark. Start pressar på for mål nr. 4.

51.speleminutt:
Sogndalinnlegg strekk seg mot Kristoffer Hoven som ikkje får stanga inn då Jensen får fingertuppane på den. Start kontrar og Brunes får avslutta, men Fij reddar ut til corner.

48.speleminutt – byte: Peter Godly Michael inn for Martin Ove Roseth.

47.speleminutt: 3-0! No er vel kampen punktert?

Schulze fyrer av skot frå 20 meters hald, Fij gir retur. Van Der Spa burde ha nokolunde kontroll med Braut Brunes slit seg fri og får putta på til 3. Svakt av Van Der Spa.

Ajajaj for ein start.

46. speleminutt: 2. omgang er i gang. Flo verkjer til å vere optimistisk på at kampen kan snu.

– Eg trur sjansane våre kan kome, seier han i intervju med Discovery +.

45.+4: Pause. Start er effektive, farlege men resultatet må nok seiast å vere noko flatterande. Start er tøffare i duellane, Sogndal må nok trøkke meir til dei neste 45 for å snu dette.

45.+2: Ingimundarson driblar seg gjennom på høgre flanke. Innlegget bak mål.

45. speleminutt: 4 minuttar tilleggstid.

42.speleminutt: Nok ein kjempesjanse for Sogndal. Ørjasæter leiker seg frå same side og sentrar til Hoven som forsøker ein blanding av skot/pasning. Endar hjå Ørjasæter som ikkje får tuppa ballen i riktig retning. Mogleg offside der? Domaren vinka ballen vidare. Sogndal held fram med å presse høgt.

40.speleminutt: Sogndal nære på å svare. Martin Ove Roseth går på eit saftig soloraid på venstrekanten og dundrar ballen inn på keeper. Rett før Kristoffer Hoven får ein tå på den. Diverre for Sogndal vert ballen klarert.

35.speleminutt: Det låg i lufta. Jonatan Braut Brunes får stå i feltet relativt umarkert på innlegg frå Sander Sjølkvist, og stange enkelt inn 2–0. Horribelt frå Sogndalforsvaret.

Sogndal verkjer handlingslamma mot effektive og kontringsfarlege Start. Lyt Tore André Flo ta grep alt no?

34.speleminutt: Start held fram med å vere farlege på kontring. Tidlegare Sogndalspelar Eirik Schulze er ein plageånd for Sogndal-forsvaret.

33.speleminutt: Klikk-klakk spel mellom Andreas Hoven, Ørjasæter og Mathisen som til slutt avsluttar like utanfor sekstenmeter. Diverre bles han skotet over mål.

32.speleminutt: Vitor Wormgoor ser ut til å klarere eit innlegg ut til hjørnespark. Dommar bles femmeter. Sogndalspilarane ser ikkje nøgde ut, etter å ha fått fleire tvilsame situasjonar dømt i favør heimelaget.

29.speleminutt: Start med glimrande kontrings-spel. Oskar Fallenius spelar fri Ndong på venstresida som slår legget i Lereng.

No er det Start med to hjørnespark på rappen.

26.speleminutt: Start er farlege på gjennombrot, men elles føregår spelet stort sett på deira banehalvdel. Sogndal med to hjørnespark på rappen no.

24.speleminutt: Mathisen slurvar med ein pasning på midtbana og Start kontrar. Får avslutte frå like utanfor 16-meter, men ballen går eit par meter til side for mål.

23.speleminutt: Ingumundarson vert kjippa fri inn i Start sin 16 meter, men når ikkje å få tåa på ballen før Start-keeper Jensen er på den. Nære på.

17.speleminutt: Nemnte Ndong ligg på bakken etter tilsynelatande å ha sparka i foten (?) til Jónsson som snappa ballen frå han. Dommar blés i favør heimelaget til Sogndal sin nummer sju sin store fortviling.

15.speleminutt: Sogndal med corner. Endar hos Ulrik Mathisen som prøver på innlegg, men skrur ballen bak mål.

13.speleminutt: Sogndal med farleg kontringssjanse. Kristoffer Hoven speler igjennom Jónatan Jónsson som kjem seg fri på høgre flanke. Forsøker å vende av ein Start-spelar inne i boksen, men sklir og mistar ballen.

11.speleminutt: Sogndal held fram slik dei starta kampen, før scoringa. Står høgt og stressar Start noko. Vinn ballen høgt ved fleire høve utan at det ser ut til å gje det heilt store utslaget.

7.speleminutt: Gunnarson er ferdig for dagen. Eirik Lereng kjem inn.

3.speleminutt: Tidleg kalddusj for Sogndal. Etter å ha hatt ein stor sjanse går Start rett i angrep. Kristoffer Tønnesen scorar på eit flott langskot i lengste hjørnet. Det som skjer i forkant av scoringa er interessant. Basilo Ndong går rett i kroppen og trakkar tilsynelatande på Hordur Gunnarson då han vinn ballen for Start. Dommar bles ikkje, og ballen endar til slutt i mål.

Her burde vel Sogndal hatt eit frispark?

2.speleminutt: Sogndal står høgt medan start prøver å spele seg ut. Start-keeper med klønete utspark som hamna i Sogndal-føter. Avslutninga frå Sondre Ørjasæter frå 20 meters hald for svak.

1.speleminutt: Kampen er i gang.

Powered by Labrador CMS