SKADA: Per-Egil Flo måtte ut med skade i Sogndal sin siger mot Kongsvinger. Sjå videointervju med kapteinen her.

Sjå video:

Sogndal-kapteinen fryktar storkampen ryk etter skade: – Har ikkje store forhåpningar

Per-Egil Flo fekk berre spele tretten minutt mot Kongsvinger, før han måtte bytast ut.

Publisert

Sogndal slo Kongsvinger 2–1 på Fosshaugane måndag kveld. Det skjedde utan Per-Egil Flo på bana, ettersom kapteinen måtte ut med skade etter berre tretten minutt.

Han er ikkje sikker på om han kjem til å rekkje neste seriekamp, borte mot storlaget Start, 15. mai.

– Det veit eg ikkje. Slik som det er no har eg verk, og det kjennest ikkje bra. Det er altfor tidleg å sei, men eg har ikkje store forhåpningar, seier Flo til Porten.

I videovindauget øvst i saka kan du sjå fleire refleksjonar om kampen frå Sogndal sin kaptein.

Powered by Labrador CMS