SAMD: Ulrik Mathisen vil verte ein del av teamet til Tore André Flo ut sesongen.
SAMD: Ulrik Mathisen vil verte ein del av teamet til Tore André Flo ut sesongen.

Henta spelar frå Lillestrøm

Sogndal signerte U-landslagsspelar på lån ut sesongen.

Publisert

Sogndal Fotball og Lillestrøm Sportsklubb er samde om ein utlånsavtale for midtbanespelar Ulrik Mathisen (f. 18/1 1999). Osloguten er på plass i Saftbygda, og vil ta del på dagens trening, skriv Sogndal Fotball i ei pressemelding.

– Me er veldig glade for at han kom til oss då han er ein ettertrakta spelar, seier Håvard Flo til klubben.

Studiar kjem i tillegg

Mathisen kom frå Kjelsås til Lillestrøm hausten 2020 og vart ein del av laget som rykka opp til eliteserien. Mathisen står med 34 kampar for Lillestrøm, og fire aldersbestemte landskampar.

– Han har stor frekvens og løpskraft, er flink til å passera ledd. Han har gode tekniske ferdigheiter med ball, seier Flo vidare.

Sjølv er Mathisen godt nøgd med å vere på plass i klubben, som han seier han har høyrt mykje bra om. LSK-spelaren studerer økonomi og administrasjon og kan halde fram med dei studiane også, frå saftbygda.

– Her kan eg fortsetja med studiane, og eg har høyrt mykje bra om staden og laget. Eg har sett nokre kampar av dei no i preseason, eg trur eg vil passa godt inn her.

– Eg har lyst til å vera med på å bidra til at laget tek så mange poeng som mogleg, slik at me kan vera med i toppen av ligaen, legg han til i intervjuet med klubben.

Powered by Labrador CMS