KAMP: Sogndal speler mot Åsane søndag ettermiddag.
KAMP: Sogndal speler mot Åsane søndag ettermiddag.

Sogndal - Åsane:

Sogndal slapp inn tre mål og tapte då Åsane vart for sterke på Fosshaugane

Åsane tok alle tre poenga søndag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert
  • Sogndal - Åsane 2-3 (1-2)

Sogndal gjekk søndag på sitt andre strake tap i OBOS-ligaen, då Åsane vann 3-2 på Fosshaugane søndag ettermiddag.

Senai Hagos si scoring i annan omgang var nok til at poenga enda opp hos bortelaget, til tross for at Axel Kryger sende Sogndal i leiinga tidleg i fyrste omgang, og Martin Ove Roseth utlikna til 2-2 like etter pause.

95.speleminutt: Ørjasæter går ned i feltet, men dommar er fast bestemt på at det ikkje er straffe. Sogndal beheld ballen og vinn til slutt eit hjørnespark. Det er dårleg slått og blir heada ut. Kampen er slutt.

93.speleminutt: Sogndal nekter å gje opp. Jonsson sitt skot blir blokkert med naud og neppe, og Åsane får ballen ut til hjørnespark. Etter eit nytt skotforsøk, blir det nok ein corner til heimelaget. Det blir blåst frispark til Åsane.

92.speleminutt: Erlend Hellevik Larsen får gult kort for uthaling av tid på eit innkadt.

90.speleminutt: Det blir lagt til minimum seks minutt på Fosshaugane.

87.speleminutt: Ingimundarson skyt, men skotet blir blokkert.

85.speleminutt: Sogndal presser på no, og tek kvar sjanse til å gå framover i banen. Enn så lenge har dei ikkje funne utlikninga.

83.speleminutt: Enorm sjanse for Sogndal! Det opnar seg plutseleg rom for Jonsson inne i sekstenmeteren, men islendingen set ballen over mål. Det er òg vinka for offside.

82.speleminutt: Sogndal gjer to byter. Lereng og Michael kjem inn for Kryger og Blårud.

79.speleminutt: Det kjem eit skummelt innlegg frå høgre inne i Sogndal sin sekstenmeter når Åsane går i angrep. Van der Spa gjev til hjørnespark. Det ender i eit skot som Blårud får i hovudet. Han ligg nede i nokre sekund, men kjem seg på beina att.

77.speleminutt: Jonsson får gult kort etter ei takling på Thornes.

75.speleminutt: No skjer det mildt sagt mykje utpå her. Sogndal kastar det dei har framover, og ein kvitkledd spelar går i bakken inne i feltet. Får ikkje straffespark, men det vert corner. Den klarar Åsane å stå imot.

73.speleminutt: Andreas Hoven går i bakken og Sogndal får frispark i ein god innleggsposisjon. Mathisen svingar det inn, men ballen blir klarert. Så kjem det ein god pasning inn igjen mot Gueye, som Åsane med naud og neppe sender til corner.

71.speleminutt: Flo prøver å motivere spelarane frå sidelinja, og minner om at det endå er 20 minutt igjen av kampen.

70.speleminutt: Åsane scorar, og det er innbytar Senai Hagos som gjer det. Mens Åsane ropar på straffespark, stoppar heimelaget opp litt, og ballen vert sett i mål. Ein litt spesiell situasjon.

67.speleminutt: Ørjasæter har ikkje vore så synleg i denne kampen så langt. Plutseleg skapar han ein stor sjanse. Dreg seg innover i bana frå venstre og skyt. Skotet har godt med kraft, men går til slutt over mål.

66.speleminutt: Åsane gjer eit byte. Jonas Eide Vågen går ut, Senai Hagos kjem inn.

65.speleminutt: Kryger får ballen inne i sekstenmeteren til Åsane, men vert avblåst. Det er han mildt sagt ikkje nøgd med. Plukkar opp ballen og slår seg i hovudet med han, for å viusa frustrasjonen sin.

64.speleminutt: Andreas Hoven er sterk i kroppen då han får skjerma ballen ut til eit utspark frå mål. Ingen av laga ser ut til å ha gitt opp håpet om siger.

Sogndal speler mot Åsane søndag ettermiddag.
Sogndal speler mot Åsane søndag ettermiddag.

61.speleminutt: Mathisen svingar den inn. Dommar bles frispark mot heimelaget.

60.speleminutt: Eit innlegg frå Jonathan Ingi Jonsson på frispark vert heada mot mål. Keeper Lysgård fomlar, og må sjå den gå til hjørnespark.

56.speleminutt: Sogndal får ein ny corner. Denne vert ikkje farleg, då keeper Lysgård fangar ballen utan at nokon i kvitt og svart kjem nær han.

54.speleminutt: Thornes rappar til for Åsane. Skotet går like til side for mål.

53.speleminutt: Bra Sogndal-spel når Roseth snur spelet frå venstre til høgre. Ballen vert nikka ned til Jonsson, som prøver å tre ballen gjennom. Angrepet vert avblåst for offside.

52.speleminutt: Andreas Hoven prøver å plassere eit skot, men set den utanfor mål. Vert tydeleg irritert på seg sjølv der, midtbanespelaren.

50.speleminutt: Mathisen er seint inne i ein takling, og Åsane får frispark. Dei set spelet i gang att med ein kort pasning.

48.speleminutt: Så er det kaos i feltet, og Sogndal scorar! Det er Roseth som er sist på ballen. 2–2 i Sogndal!

47.speleminutt: Ingimundarson får losna eit litt laust skot inne i sekstenmeteren. Det blir hjørnespark.

46.speleminutt: Kampen er i gang igjen. Kristoffer Hoven vert bytta ut for Sogndal, og Mansour Gueye kjem inn.

45.speleminutt: Det er pause på Fosshaugane. Åsane leder 2-1, etter at Sogndal fyrst tok leiinga ved Axel Kryger etter 19 spelte minutt.

44.speleminutt: Axel Kryger er igjen farleg frampå. Hoven brystar ballen ned til han i feltet, men ein Åsane-spelar blokkerer skotet. Kunne blitt ein god moglegheit, for skotet var hardt og godt.

42.speleminutt: Stor sjanse for Åsane etter corneren, når dei bestemmer seg for å ta overgangsmoglegheita. Etter raskt kontringsspel, ender ballen hos Kalsaas, som får ein stor sjanse til å auke leiinga til 3–1. Han set den forbausande langt over mål. Der er Sogndal heldige.

41.speleminutt: Sogndal får ein corner, som endar med eit skot frå Ingimundarson. Ein Åsane-spelar kastar seg og får blokkert. Det vert eit nytt hjørnespark.

40.speleminutt: «Jobba, jobba, jobba», syng Saftkokaradn. Dei er nok inne på noko. Skal Sogndal ta tre poeng i dag, er det nok ein stor jobb som må gjerast i annan omgang.

38. speleminutt: Åsane scorar igjen! Eit heilt fantastisk mål frå Åsane sin Jonas Eide Vågen. Dreg seg innover i banen, og berre smell den i nettet.

36.speleminutt: Godt Sogndal-spel inne på Åsane sin halvdel. Til slutt er det Ingimundarson som skyt, men skotet blir blokkert og ballen rullar roleg inn til keeper.

32.speleminutt: Så utliknar Åsane! Det er Doughmann som til slutt får chippa ballen over Fji. Vakker scoring.

28.speleminutt: Så er det Åsane som går i angrep. Didrik Fredriksen prøver å plassera eit skot med innsida av foten, men treff ikkje der han sikter. Utspark frå mål.

25.speleminutt: Stolpeskot frå Mathisen etter fine kombinasjonar med Kristoffer Hoven.

23.speleminutt: Åsane har ikkje vunne i OBOS-ligaen denne sesongen. Det blir spanande å sjå korleis dei svarer på å kome under såpass tidleg i kampen.

19.speleminutt: Og så scorar Sogndal! Axel Kryger er mannen som gjer det! Skotet er godt plassert til venstre for Lysgård. Den smakte nok godt for rogalendingen, som stort sett har vore benkja til no i sesongen.

15.speleminutt: Strålande gjort av Ingimundarson, som får med seg ballen vidare, sjølv om han blir riven og slite i. Slepper ballen vidare til Mathisen, som skyt til side for mål. Kunne blitt farleg, det der.

14.speleminutt: Åsane er eit lag som er kjent for å ynskje å ha ballen mykje. Slik underteikna ser det, har ballen vore nokså jamt fordelt mellom dei to laga i opningskvarteret, om ikkje Sogndal har hatt den noko meir enn gjestane.

11.speleminutt: Eide Vågen avanserer mange, mange meter med ballen i beina for Åsane. Skyt til slutt frå rett utanfor sekstenmeteren. Skotet går over mål.

10.speleminutt: Det har så langt ikkje vore nokon store sjansar i kampen, men begge laga verkjer lystne på å angripe.

7.speleminutt: Åsane går i angrep, og det går fort framover. Stephansen leiter etter ein medspelar i feltet, men klarar ikkje finne han. Gode tendensar frå bortelaget.

6.speleminutt: Jonsson utfordrar på høgrekanten. Kjempar tøft i duellen med Åsane-forsvararen, men klarar ikkje skaffe hjørnespark for Sogndal.

4.speleminutt: Keeper boksar ballen unna, men Sogndal bit seg fast. Til slutt kjem innlegget, men det går rett i klypene på Lysgård.

3.speleminutt: Sogndal får hjørnespark.

2.speleminutt: Ulrik Mathisen testar skotet på eit frispark i god posisjon. Skotet har mykje kraft i seg, men går over mål.

1.speleminutt: Då er kampen i gang!

Sogndal tek imot Åsane på Fosshaugane Campus, med avspark klokka 15:00.

Tore André Flo og teamet hans har tatt ut følgjande lag frå Sogndal-lag frå start (4-4-2):

Renze Fij – Axel Kryger, Andreas van der Spa, Martin Ove Roseth, Andreas Hoven – Jonatan Jonsson, Valdimar Ingimundarson, Mathias Blårud, Ulrik Mathisen – Kristoffer Hoven, Sondre Ørjasæter

På Sogndal sin innbytarbenk, sit desse spelarane:

Daniel Gjerde Sætren, Mansour Gueye, Eirik Lereng, Anders Nord, Erik Grønner, Peter Godly Michael

Axel Kryger har ikkje spelt mykje for Sogndal denne sesongen. Søndag ettermiddag startar han mot Åsane.
Axel Kryger har ikkje spelt mykje for Sogndal denne sesongen. Søndag ettermiddag startar han mot Åsane.

Gjestane frå Åsane startar med dette laget (4-2-3-1):

Idar Lysgård – Eirik Wollen Steen, Sindre Austevoll, Bjarte Haugsdal, Ryan Doghman – Jonas Vågen, Kristoffer Stephensen – Emil Kalsaas, Didrik Fredriksen, Kristoffer Larsen – Mats Thornes

Åsane-trenar Morten Røssland har mellom anna Premier League-proff Morten Gamst Pedersen på benken. Benken hans ser slik ut:

Eirik Østgaard, Erlend Hellevik Larsen, Oliver Juul Jensen, Morten Gamst Pedersen, Senai Hagos, Emmanuel Tchotcho Bangoura

Åsane har førebels ikkje vunne ein kamp i OBOS-ligaen denne sesongen, og står med tre poeng etter seks spelte serierundar.

Sogndal ligg på si side på sjuandeplass på tabellen. Denne veka slo dei Florø 5–0 i cupen. I førre serierunde vart dei likevel slått heile 5–1 av Start på Sør Arena.

Powered by Labrador CMS