MED KLUBBLOGOEN PÅ: Tore André Flo hadde første dag på jobb som Sogndaltrenar i dag.Foto: Ola Skram
– Det vil nok dukke opp mange utfordringar undervegs, men eg kjenner meg trygg på at eg vil løyse dei
Toré Andre Flo set seg høge mål, men er ikkje rett for å mislukkast i rolla som hovudtrenar for Sogndal. Oppturane og nedturane har han trass alt ein del erfaring med frå tidlegare.
– Eg har vore gjennom det aller meste i fotball. Eg har hatt personleg suksess, men også nedturar. Det trur eg skal vere veldig greitt å ta med seg inn i ein slik jobb, seier Tore André Flo.
Stryningen som var med å senke Brasil i 1998, hadde måndag sin første dag på jobb som hovudtrenar for Sogndal Fotball.
Flo har med seg solid erfaring som trenar i Chelsea-akademiet og ikkje minst som assistenttrenar for Leif Gunnar Smerud på U21-landslaget.
Likevel er han heilt fersk i rolla som hovudtrenar.
Men Flo gjer ikkje mykje for å skru ned forventningane når han trer inn i rolla for gamleklubben.
LITEN TID: Flo var ein travel mann å få tak i, mellom alle møta.Foto: Ola SkramFoto: Ola Skram
Spelarlogistikk og bygdesamfunn
Det vart ein travel føremiddag for stryningen. Mellom ein haug med møter og telefonsamtalar tok han seg tida til å prate med Porten under sin første dag på jobb.
– Korleis er det å vere i gang?
– Det er veldig godt. Eg har fått litt tid til å summe meg, så det er godt å vere på plass no.
Assistenttrenar er snart på plass, men ikkje ein dagleg leiar.
I tillegg har mange spelarar på utgåande kontrakt i fjor, bydd på utfordringar når det gjeld å samle saman eit slagkraftig mannskap som skal kjempe om opprykk.
Likevel vil ikkje Flo vil ønskje kven som helst velkomen til klubben.
SPELARLOGISTIKK: Flo meiner mannskapet per no ikkje er godt nok for opprykk, men kjenner seg trygg på at han får samla eit slagkraftig mannskap som kan kjempe i toppen, til slutt.Foto: Ola Skram
– Me er avhengig av at det kjem inn spelarar. Eg har ein del tankar om posisjonar, spelartypar og slike ting. Så er det litt sånn at det er mange spelarar der ute og ein må passe på å finne dei rette. Dei må passe inn i klubben, det er viktig for meg.
– Kvifor er det så viktig?
– Ein må ha ei gruppe som går godt i lag, og som jobbar saman. Så må det vere spelarar som passar til den spelestilen eg vil at me skal ha. Men i tillegg til det må det også vere nokon som kan trivast i bygda. Sogndal er eit lite samfunn, og nokon som berre er vand med bylivet vil ikkje nødvendigvis passar så godt inn. Samstundes er det eit tett miljø, og mi oppleving er at ein fort kan trivst sosialt.
Forventningar
Flo skildrar eit tett samfunn, der «alle» følgjer med og pratar om fotball. Det betyr også forventningar til ein klubb som går inn i sin femte strake sesong i Obosligaen.
– Eg kjem til å mål om å rykkje opp kvart år. Klarar me det ikkje eit år, så skal me gjere det neste år. Om ein ikkje har mål, så har du ikkje nok «drive», slik eg ser det. Når det gjeld bygda, så er eg veldig glad dersom forventningane vert skrudd opp. Eg trur ein treng det.
HISTORIE: Flo veit godt kva som er forventningane til bygda, når han tek over; eliteseriespel. Det lev han godt med.Foto: Ola Skram
Men konkurransen om opprykk vert tøff. Brann, Fredrikstad, Mjøndalen, Stabæk og Start er berre nokre av gamle «storheiter» som vil det same som Flo, utan at det ser ut til å påverke han veldig heilt enno då.
– Det er mange store namn, men me skal gjere alt me kan for å kjempe oss opp.
– Du hadde mykje å vinne på å bli verande i Chelsea, no kan ting for gå skeis dersom forventningane ikkje vert innfridd. Er du ikkje redd for å mislukkast?
– Eg har jo ikkje trenarerfaring, så det vil nok dukke opp mange utfordringar undervegs, men eg kjenner meg trygg på at eg vil løyse dei.