STENGT: Fjørevegen i Sogndalsfjøra er ei mykje trafikkert gate. I sommar vert den stengt.
STENGT: Fjørevegen i Sogndalsfjøra er ei mykje trafikkert gate. I sommar vert den stengt.

Omfattande arbeid stengjer Fjørevegen i tre veker i sommar

Det skal gjerast arbeid i Fjørevegen i sommar. Det påverkar trafikken.

Publisert Sist oppdatert

Det nye VA-anlegget i Bryggjegota skal koplast saman i Fjørevegen. Det medfører at Fjørevegen vert stengt i omtrent tre veker frå 13. juni av, skriv Sogndal kommune på nettstaden sin.

Dei skriv òg at deler av parkeringsplassen i Fossetunet vil bli avsperra og nytta som rigg og lagerplass for mobilkran, materiell og massar.

P-korta som gjeld for Fossetunet vil i dette tidsrommet også gjelde på Lægreidsplassen og i Parkvegen

Kommunen beskriv arbeidet som omfattande då det skal monterast ei kumgruppe på 5 m djupne for å grovskille spillvatn og overvatn frå kvarandre, noko som vil betre kapasiteten på pumpestasjonane i området.

I det gamle VA-systemet i Sogndal går spillvatnet og overvatnet i same røyret. Arbeidet med å få delt dette i to ulike røyr har gått føre seg i mange år, og vil halde fram etter kvart som gater og røyr vert fornya.

Powered by Labrador CMS