Det kunne ikkje bli ein betre start på året for Sofia Stigen Sørensen. 18-åringen frå Aurland vann nyleg gull i Golden Girls Championship i Borås i Sverige.

Dette er altså fyrste gong Sørensen deltek i eit seniorstemne, og det fyrste stemne ho deltek i i år.

– Det gjekk jo veldig bra. Eg møtte nokre svært gode jenter, meiner begge var rundt 26 år, så det var veldig gøy, seier Sørensen.

Eit heilt anna nivå

Sørensen har no gått frå juniornivå til senior. Det betyr eit mykje høgare nivå.

Ikkje at det skremmer 18-åringen noko særleg.

– I junior møter ein berre 17- og 18-åringar, mens i senior møter ein mange fleire og eldre motstandarar. Det er eit heilt anna nivå, men det gir meg berre meir motivasjon til å halde på vidare.

Neste mål er senior-NM om ein månads tid.

– Det er noko eg ser veldig fram til.