Lars-Olav Hausberg går av som dagleg leiar i Sogndal fotball.

Det melder styret i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

– Det har ikkje vore ei enkel avgjerd, men av personlege grunnar let ikkje lenger jobb og privatliv seg kombinere på ein god måte, då er det rett at nokon andre tek klubben vidare inn i framtida, seier Hausberg.

Styreleiar Jan Rune Årøy seier det er svært utfordrande å miste Hausberg, men at dei har respekt og forståing for avgjerda.

– På vegne av styret og resten av klubben takkar eg Lars Olav for innsatsen og ynskjer han lukke til vidare.