Frist: 25. okt.
(Foto: MADS HEGGO)

Årdal Energi søkjer energiingeniør

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Til å styrkje staben i Årdal Energi Nett AS, så søkjer me ein strukturert og fagleg dyktig energiingeniør.

Årdal Energi KF har gjennomført selskapsmessig splitt og består no av Årdal Energi Holding med døtrene Årdal Energi Nett AS og Årdal Kraftlag AS. Eigar er Årdal Kommune.


Årdal Energi Nett AS har i hovudsak desse oppgåvene

  • Planlegging og gjennomføring av investeringsprosjekt og større vedlikehald
  • Entreprenørtenester
  • Vakttenester
  • Drift og vedlikehald av målarar og måleverdihandtering
  • Kontroll og tilsynsfunksjon (DLE)
  • Fakturering av nettleige

Til å styrkje staben i Årdal Energi Nett AS, så søkjer me ein strukturert og fagleg dyktig energiingeniør.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektere og sikre god gjennomføring av driftsoppgåver i vårt nett i samsvar med gjeldande lover og retningslinjer
  • Ansvar for HMS i prosjekt og gjennomføringsfasen
  • Arbeidsplanlegging og oppfølging av montørar og entreprenørar
  • Utføre oppgåver på alle områder i Nett td. DLE, samt utføre oppgåver for Årdal Kraftlag AS
  • Å aktivt søke framtidsretta løysingar innan fornybar energi, distribusjon, energibruk og effektivisering, som gjer at me kan møte samfunnet sine energibehov og klimamål


Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning som ingeniør eller anna relevant teknisk utdanning innanfor elfag
  • Erfaring med elkraftfaget er ein fordel, men nyutdanna kan bli føretrekt
  • Førarkort kl B


Personlege eigenskapar

  • Du er initiativrik, sjølvstendig og resultatorientert
  • Du er trygg, offensiv og ein lagspelar som likar å løysa oppgåver i saman med andre
  • Viser vilje til fleksibilitet og innsats, engasjement for faget og tryggleik i arbeidet


Me tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Innflytelse og ansvar med moglegheit for stor påverknad på eigne oppgåver
  • Kompetanseutvikling innanfor prosjektering av nett og prosjektleiing
  • Eit aktivt og kompetent og utviklande arbeidsmiljø


Andre opplysningar

  • På sikt kan stillinga bli tillagt vaktordning til Årdal Energi Nett

 

Kontakt for spørsmål: 
Edvard Holsæter 900 36 330 eh@ardal-energinett.no
Jørgen Luggenes 917 96 725 jl@ardal-energi.no

Søknadsfrist: 25.10.2019

Søknad sendast til: post@ardal-energinett.no eller Årdal Energi Nett AS, Utladalsvegen 1, 6884 Øvre Årdal

Gå til søknadsskjema
Til toppen