Frist: 17. des.

Årdal kommune har ledig stilling ved biblioteket og som kommuneplanleggar

100% stilling som kommuneplanleggar
Tiltreding snarast råd. Den som vert tilsett vil få eit særskilt ansvar for arbeid med planar etter Plan og bygningslova. I dette ligg ansvar for kommuneplan, regulerings- og utbyggingsplanar, endringar og dispensasjonssøknadar. Handsaming etter naturmangfaldslova, arbeid knytt til miljørelaterte saker og konsekvensutgreiingar i samband med t.d. kraftverksutbyggingar, kulturvern og kulturminne samt samfunns- og tettstadutvikling, ligg og til stillinga.

Planleggaren får ei sentral rolle i kommunen si tverrfaglege plangruppe, og vil samarbeide nært med kart og oppmåling, byggsak og tekniske tenester.

Kvalifikasjonskrav
Relevant universitets- / høgskuleutdanning
Me ynskjer personar med erfaring frå slikt arbeid, men oppmodar også nyutdanna om å søke.

Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Fleksibel til å utføre andre arbeidsoppgåver etter avtale.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale utifrå kvalifikasjoner.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

 

2 stillingar på Årdal bilbliotek
Ei stilling i 100% som arrangementansvarleg, ei stilling i 30% som ansvarleg for
biblioteket sine digitale tenester.

Årdal Bibliotek er i utvikling og me ønskjer oss medarbeidarar som vil vere med å utvikle biblioteket vidare som ein aktuell, levande møteplass og kunnskapsarena i lokalsamfunnet. Me ser etter personar som har erfaring og interesse for; Litteratur, formidling, arrangement og debattar, digitale tenester og sosiale media.

Arbeidsoppgåver
100% stilling som arrangementansvarleg;

  • Planlegging, marknadsføring og gjennomføring av arrangement, debattar og utstillingar, både i eigen regi og i samarbeid med andre. Sørge for at biblioteket har eit aktuelt program som speglar samfunnet.
  • Biblioteket sin representant i samarbeidsprosjekt som gjeld arrangement.
  • Vedlikehalde, utvikle og skape nye samarbeid med andre aktørar
  • Utarbeide aktuelle prosjektsøknader
  • Stillinga inngår i biblioteket sin vaktplan, og ein må rekne med ei kveldsvakt i veka, ei laurdagsvakt i månaden, samt ein del arbeid utanom ordinær opningstid i høve ulike arrangement.

30% stilling som ansvarleg for biblioteket sine digitale tenester;

  • Ansvar for å utvikle, drifte og formidle biblioteket sine digitale tenester, slik som eBokBib og PressReader
  • Delta i innhaldsproduksjon på sosiale media og biblioteket si heimeside
  • Arrangere spelekveldar for born
  • Brukarhjelp- og opplæring på pc, brett, mobil og biblioteket sine digitale tenester
  • Ein må rekne med ei kveldsvakt i veka, men ein del av arbeidet stillinga skal utføre vert lagt til denne vakta.

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelor i bibliotekfag, eller anna relevant høgare utdanning
  • Gode datakunnskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • For stillinga på 30% kan god realkompetanse og arbeidserfaring vege opp for manglande høgskuleutdanning
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar
som blid, utadvent, positiv, engasjert, kreativ, praktisk, initiativrik, sjølvstendig, god på å bygge relasjonar og gode samarbeidsevner, vil verte vektlagt.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillingane vert løna etter avtaleverket utifra utdanning og praksis
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

 

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen