Frist: 12. Apr

Årdal kommune har ledig to vikariat 100% som sjukepleiar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Årdal kommune har ledig to vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar, grunna svangerskapspermisjon.

Kortidsavdelinga ved ÅBO (Årdal bu- og Omsorgssenter):
Årdal kommune har 9 plassar for tidsavgrensa opphald i institusjon integrert i Årdal bu og omsorgsenter.
Tenesta gjev opphald for rehabiliering eller utredning/behandling.
Det er 3-delt turnus, med lange vakter på helg. Du må like å arbeide i eit travelt miljø og samarbeide godt med andre, vere systematisk og ha god diagnosekompetanse. Du må ta ansvar i avdelinga og ha evne til god oversikt.
Stillinga er ledig frå 17.05.21 og ca. eit år.

Årdal sjukeheim 1.etg / Heimesjukepleien Årdalstangen:
Det er 3-delt turnus med arbeid 3 av 8 helgar.Du må like å arbeide i eit travelt miljø og samarbeide godt med andre,vere systematisk og ha god diagnosekompetanse. Du må ta ansvar i avdelinga og ha evne til god oversikt. Denne stillinga er kombinert, der ein både er inne på sjukeheimsavdelinga og ute i heimesjukepleien. Du må ha førarkort klasse B.
Stillinga er ledig frå 16.08.21 og ca. eit år.


Kvalifikasjonskrav

Autorisasjon som sjukepleiar.


Personlege eigenskapar

Den som vert tilsett må like variasjon i arbeidet, kunne arbeide godt sjølvstendig og i saman med andre.
Du må vere fleksibel og systematisk og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Du må beherske norsk godt både muntleg og skriftleg.


Lønn og tilsettingsvilkår

Stillinga er løna etter HTA i stillingskode 7174 med for tida lønsplassering frå kr 411.400,- til kr 506.400,-.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon. Du må levere politiattest før du tek til i stillinga.

 

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no.

Gå til søknadsskjema
Til toppen