Frist: 18. Jan

Årdal kommune har ledig vikariat som rådgjevar NAV Årdal

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Har du lyst til å jobbe med menneske med ulike utfordringar? Trur du at mål om arbeid er mogleg å oppnå for alle? NAV Årdal har ledig 100% vikariat frå snarast og i inntil 1 år med høve til lenging.

NAV Årdal ser etter deg som bryr deg om einskildmennesket og som identifiserer deg med og har forståelse for NAV sitt samfunnsoppdrag.
Du må evna å sjå menneske i eit heilheitsperspektiv og ha eit ønskje om at fleire skal få høve til å delta i arbeidslivet.

NAV Årdal har ledig 100% vikariat frå snarast og i inntil 1 år med høve til lenging.


Arbeids- og ansvarsområder:

Arbeidsoppgavene er varierte og tek utgangspunkt i den einskildebrukar sitt behov for arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging.

Avklare behov, kartleggje og følgje opp.

  • Sette individuelle mål og utarbeide aktivitetsplanar saman med brukar.
  • Hjelpe brukarar for å gjere dei sjølvstendige på digitale verktøy og løysingar.
  • Være ein del av mottaksteamet - ta i mot dei som henvender seg til NAV i alle dei kanalar NAV har, på ein profesjonell måte. Bistå og rettleie på skjema, yting og spørsmål.
  • Sakshandsaming etter lov om sosiale tenester, herunder økonomisk råd og rettleiing, Kvalifiseringsprogrammet m.m.
  • God kontakt, samhandling og samarbeid med arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar
  • Endringar i arbeidsoppgaver må kunne påreknast.


Kvalifikasjonskrav

  • Minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet (gjerne innan arbeidsinkludering, rettleiing, sosialfag, pedagogikk eller psykologi). Svært relevant erfaring kan kompensere for heile eller delar av utdanningskravet.
  • Kjennskap til arbeidsmarknaden, og gjerne erfaring fra arbeid med arbeidsgjevarar.
  • Du må kunne jobbe målretta, effektivt og strukturert i et hektisk miljø med klare fristar og krav til resultat.
  • Gode kompetanse og forståing for bruk av datasystem som arbeidsverktøy og evne til å setje deg rask inn i nye digitale løysingar.
  • God relasjonskompetanse.


Personlege eigenskapar
Me vil vektlegga m.a desse eigenskapane : 

  • Evne til å sjå menneske og skape tillit.
  • Du er god på å kommunisere, har pågangsmot og evne til å lytta til andre.
  • Sjå moglegheiter - og i møte med menneske med store utfordringar.
  • Sjølvstendig, fleksibel og effektiv. 
  • Personar med kompetanse på økonomisk rådgjeving kan og vere aktuelle for stillinga.
  • Førarkort klasse B.


Lønn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter utdanning og praksis etter Hovedtariffavtalen.

2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil bli krevd.


Kontaktperson for stillinga:
Silje Berge, konst. NAV-leiar, Silje.berge@ardal.kommune.no, tlf. 41286664 

 
 


Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord".

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlogging tek du kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ynskjer namnet ditt unnateke frå offentlegheit, må det grunngjevast. Det vert da gjort ei vurdering.

 

Søknadsfrist: 18.01.21

Gå til søknadsskjema
Til toppen