Frist: 29. april

Årdal kommune har ledige stillingar i barnehagane

Me har ledig

I Årdalstangen barnehage er desse faste stillingane ledige f.o.m. 15.08.19:

  • 100% stilliing som styrar derav 50% administrativ og 50% pedagogisk arbeid
  • 100% pedagogisk leiar og 50% pedagogisk leiar.

I tillegg er det andre ledige stillingar i barnehagane som assistent/fagarbeidar, barnehagelærar og pedagogisk leiar, desse stillingane er både faste og vikariat i ulike stillingsstorleikar.

Kvalifikasjonskrav

Til stillingane som barnehagelærar/pedagogisk leiar og styrar vert det krevd utdanning som barnehagelærar og til stillingar som fagarbeidar/assistent er det ei føremon med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning/praksis kan og søkje.

Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillingane er løna etter HTA
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune

Me tilbyr

  • Trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.

Kontaktperson


Søknadsprosedyre

Trykk på den raude knappen nedst i utlysinga. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen