Frist: 14. okt.

Årdal kommune har ledige stillingar i barnehage og tekniske tenester

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Stillingar i barnehagane

Me har ledig

Uravegen barnehage:

  • 100% vikariat som pedagogisk leiar frå 01.01.20 - kan bli fast
  • 70% vikariat som barnehagelærar frå 01.01.20 - 15.08.21

Årdalstangen barnehage:

  • 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 01.12.19
  • 20 % vikariat som fagarbeidar/assistent frå 01.12.19 - 15.08.20.
  • 100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 01.01.20-15.08.20.

Einehaugen barnhage

  • 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.20

Alle barnehagane har behov for tilkallingsvikarar.

Andre ledige stillingar:

  • Det kan og vere at det vert andre ledige vikariat/mellombelse stillingar som fagarbeidar og førskulelærar i barnegruppene og på styrkingstiltak i alle barnehagane

Kvalifikasjonskrav

  • Til stillingane som barnehagelærar/pedagogisk leiar og styrar vert det krevd utdanning som barnehagelærar og til stillingar som fagarbeidar/assistent er det ei føremon med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning/praksis kan og søkje.
  • Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillinga er løna etter HTA.
  • Løn som fagarbeidar er mellom kr. 350 800 - 430 000,-
  • som barnehagelærar mellom kr. 410 000,- - 505 000,-
  • som pedagogisk leiar mellom kr. 430 000,- - 515 000,-
  • som assistent mellom kr. 301 500,- - 405 100,-
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

  • trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.

Kontaktperson

 

Sjåfør/driftsoperatør i tekniske tenester

Me har ledig

  • 100% stilling som sjåfør/ driftsoperatør i tekniske tenester på renovasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehold av kommunale vegar, grøntanlegg og leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning avløp og renovasjon.
  • Denne stillingen har arbeidsoppgavene i hovudsak innanfor renovasjon.
  • På renovasjon er det jobbrotasjon der drift av forbrenningsanlegg, sjåfør på renovasjonsbil og sidemann på renovasjonsbil inngår.

Kvalifikasjonskrav

  • Førarkort i klasse C, er eitt krav til stillinga.
  • Det er ei føremon med utdanning innan mekaniske eller tekniske fag.
  • Det er og ønskjeleg med kvalifikasjonar som kunnskap om og erfaring frå drift/vedlikehold av prosessanlegg eller tekniske anlegg.

Personlege eigenskapar

  • Personlige eigenskapar vil verte vektlagte og me søkjer etter;
    ein person som er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma til eitt godt samarbeid og sjå gode løysingar.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillinga er løna etter avtaleverket.
  • som fagarbeidar er det for tida ei lønsplassering mellom kr. 350 800,- til kr. 430 000,- og som spesialarbeidar er løna mellom kr.301 500,- til kr. 405 100,-
  • Kommunen har ei god offentleg tariffesta tenestepensjon. Den tilsette sitt bidrag er 2 % av løn, arbeidgjevar yter resten. Pensjonsordninga gjev òg rett til uføre- ektefelle- og barnepensjon.
  • I tillegg har kommunen personforsikring for yrkesskade, yrkesulykke og gruppeliv.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar.

Kontaktperson

 

Fagarbeidar i tekniske tenester

Me har ledig

  • 100% fast stilling som fagarbeidar i tekniske tenester på FDV- seksjon.

Arbeidsoppgåver

  • FDV seksjon sine hovudoppgåver er forvaltning, drift og vedlikehold av kommunen sine bygg og eigedommar.
  • Den som vert tilsett i stillinga vil i utgangspunktet få ansvar for tilsyn, drift og vedlikehold av kommunale bygg.
  • Andre arbeidsoppgåver innan FDV seksjon og tekniske tenester sine ansvarsområde må ein og vera villig til å ta del i ved behov.

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev innan tømrar, elektrikar eller røyrleggar er ei føremon, men andre med relevant utdanning og/eller praksis kan og søkje. Førarkort i klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Me ser etter ein person som er allsidig og fleksibel, som kan arbeida sjølvstendig men og saman med andre.
  • FDV seksjon yter service og evner til å handsama "kundar" på ein god måte vert det og lagt vekt på.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Som fagarbeidar er løna mellom kr. 350 800,- - 430 000,- vurdert utifrå ansiennitet.
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Kontaktperson

Gå til søknadsskjema
Til toppen