Frist: 6. jan.

Årdal kommune søkjer ferievikarar sommaren 2020

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me søkjer ferievikarar til Omsorgstenesta og Bu- og miljøtenesta i tida 15.06.2020 – 17.08.2020.


Bu- og miljøtenesta

Bu- og miljøtenesta treng ferievikarar til bufellesskapa Grandane, Uravegen og Klyngetunet. Vi ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse av å arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne.

Det er ulike turnusordningar i avdelingane. Nokon arbeider i kombinasjonsturnus med korte og lange vakter, medan andre arbeider lange vakter og medleverturnus.

Søkjarane bør helst vera over 18 år. I nokre av tiltaka er det ein fordel å ha førarkort i klasse B. Det er høve til å starte opplæring eller vera vikar etter at søknadsfristen er ute.

Les meir her

 

Omsorgstenesta

Heimetenesta/institusjonane treng ferievikarar til følgjande stillingar:

  • Heimehjelptstenesta
  • Personleg assistansetiltak
  • Årdal sjukeheim
  • Produksjonskjøkken
  • Seimsdal sjukeheim 
  • Heimesjukepleien 
  • Korttidsavdeling Åbo

Der det er turnusarbeid er det arbeid inntil kvar 2. helg. Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar og HTA. Søkjarar må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg, og må arbeide heile ferieavviklinga. Politiattest vil verte krevd, jfr. Lov om helsetenester

Les meir her

Gå til søknadsskjema
Til toppen