Frist: 10. Jun

Årdal kommune søker ferievikarar og avlastarar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Ferievikarar innan pleie og omsorg 2020

Me har framleis ledige stillingar som ferievikarar i heimesjukepleie og ved sjukeheimane i Årdal kommune. Arbeidsperiode er ca.15.06.20 - 17.08.20. Søkarane må søke elektronisk gjennom Rekrutteringsmodulen i Årdal kommune, jf. Søknadsprosedyre.

Søknaden din må innehalde utdanning og praksis, om du har førarkort og kvar du helst ønsker stilling (heimesjukepleie/sjukeheim).

Der det er turnusarbeid er det arbeid inntil kvar 2. helg. Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar og HTA samt lokale lønsordningar.

Frist: 03.06.2020. 

Kvalifikasjonskrav:

  • Vi ønsker søkarar med relevant utdanning innan helse og som er over 18 år.
  • Søkarar må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg, og må arbeide heile ferieavviklinga.
  • Politiattest vil verte kravd, jf. Helse- og omsorgstenestelova.

Kontakt:

  • Hilda Nese, Tenesteleiar for institusjonar / heimetenester, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no

 

Ferievikarar i bu- og miljøtenesta 2020 og avlastarar

Ferievikarar:
Bu- og miljøtenesta treng framleis ferievikarar i tida ca.15.06.20 - 17.08.20 i bufellesskapet Grandane. Vi ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne.

Søkjarane bør helst vera over 18 år da det er turnusarbeid. Det ein fordel å ha førarkort i klasse B. Løn vert vurdert utifrå kvalifikasjonar etter HTA. Du må pårekne å arbeide heile ferieavviklinga. Dersom du skal avvikle ferie, må tidsrommet kome fram i søknaden.

Avlastarfamilie:
Bu - og miljøtenesta søkjer avlastarfamillie til eit aktivt og livleg barn med behov for aktivitet og forutsigbarheIt. Ein
ettermiddag i veka og omlag ei helg pr. månad. Vert løna etter gjeldande satsar.

Støttekontakt/avlastar:
Bu- og miljøtenesta søkjer støttekontakt/avlastar til eit barn som er veldig glad i dyr,omlag 4 timar pr. veke. Me ynskjer
ein vaksen person med sertifikat som kan følgje til ulike aktivitetar. Vert løna etter gjeldande satsar.

Frist: 10.06.2020.

Generellt:

  • Det er krav om politiattest jf. Helse-og omsorgstenestelova § 5-4.
  • Søkjarar må beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Kontakt:

Gå til søknadsskjema
Til toppen