Frist: 28. Sep

Årdal kommune søkjer arkivleiar

Me har ledig 100 % stilling som arkivleiar. Arkivtenesta er ein støttefunksjon organisert under rådmannen. Det er to tilsette ved arkivet, tilsaman 1,9 årsverk. Arbeidsstaden er på Rådhuset. Vårt saks-/arkivsystem er Acos Websak (Fokus).

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene er:

  • operativt og fagleg ansvar for kommunenne si samla arkivteneste, for arkivdanninga og for bevaring av arkivmateriale, jfr.gjeldande regelverk
  • saman med IT-ansvarleg utarbeida reglar for bruk,langtidsbevaring og sletting av informasjon på ulike system
  • journalføring og kvalitetetssikring av dokumentasjonen i sak-/arkivsystemet
  • Systemansvar for sak/arkivsystemet og ansvar for dokumentasjon av øvrige fagsystem
  • Utarbeide og ajourhalde arkivplan og bevarings- og kassasjonsreglement
  • Opplæring og brukarstøtte for leiarar og sakshandsamarar i organisasjonen
  • Sikre at gode rutinsr og arbeidsprosessar vert utarbeida, implementert og følgt opp
  • Ansvar for arkivtenesta si tilknyting til Kommunearkivordninga i Vestland
  • Prosjektarbeid internt og eksternt etter avtale

Kvalifikasjonskrav

  • Søkjarar med arkivfagleg utdanning vert føretrekt. Erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for formell utdanning
  • Erfaring med arkivarbeid i offentleg forvaltning og bruk av elektronisk sak/arkivsystem er ei fordel
  • God kunnskap om regelverk for offentleg forvaltning og arkiv
  • God IKT og teknologikompetanse
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Aktuell søkjar utan formell kompetanse må forplikte seg å ta arkivutdanning etter kvart.

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt, med god kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Sjølvstendig med god gjennomføringsevne
  • Nøyaktig, strukturert og ha god ordenssans
  • Initiativrik, løysingsorientert og framtidsretta
  • Er raus og deler kunnskap og kompetanse for felles fagleg utvikling

Løn og tilsetjingsvilkår

  • Løn etter avtale
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Kontaktperson

Søknadsprosedyre
Trykk på «Gå til søknadsskjema» nedst i utlysninga. Vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden. Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen