Frist: 29. jan.

Årdal kommune søkjer avdelingssjukepleiar og sjåfør/driftsoperatør

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Begge stillingane er 100 %.

Me har ledig

 

Sjåfør/driftsoperatør i tekniske tenester - 100 %

Tekniske tenester har mellom anna ansvar for drift og vedlikehold av kommunale vegar, grøntanlegg og leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning avløp og renovasjon. Denne stillinga har arbeidsoppgåver i hovudsak innan renovasjon. På renovasjon er det jobbrotasjon der drift av forbrenningsanlegg, sjåfør på renovasjonsbil og sidemann på renovasjonsbil inngår.

Kvalifikasjonskrav:

  • Førarkort i klasse C, er eitt krav til stillinga.
  • Det er ei føremon med utdanning innan mekaniske eller tekniske fag.
  • Det er og ønskjeleg med kvalifikasjonar som kunnskap om og erfaring frå drift/vedlikehold av prosessanlegg eller tekniske anlegg.

Personlege eigenskapar

Personlige eigenskapar vil verte vektlagte og me søkjer etter; ein person som er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma til eitt godt samarbeid
og sjå gode løysingar.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillinga er løna etter avtaleverket.
  • I stillingskode 7517 som fagarbeidar, er det for tida ei lønsplassering frå kr. 333.300,- til kr. 401.200,-.
  • I stillingskode 7542 som spesialarbeidar er løna mellom kr. 288.500,- til kr. 391.200,-
  • Kommunen har ei god offentleg tariffesta tenestepensjon. Den tilsette sitt bidrag er 2 % av løn, arbeidgjevar yter resten.
  • Pensjonsordninga gjev òg rett til uføre- ektefelle- og barnepensjon. I tillegg har kommunen personforsikring for yrkesskade, yrkesulykke og gruppeliv.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar.

 

Avdelingssjukepleiar - 100 %

100% fast stilling som avdelingssjukepleiar med ansvar for heimesjukepleien sone 1(ÅBO) og Korttidsavdelingen på ÅBO, frå ca. 1.3.18. Det er arbeid på dagtid. Samarbeider tett med avdelingssjukepleiar for utesona i heimesjukepleien (sone 2). Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig anna sjukepleiarstilling. Skriv i søknaden om du i tilfelle vil vurderast.

Arbeidsoppgåver

Avdelingssjukepleiaren på ÅBO har ansvar for 24 fastbuande som bur i leilegheiter på ÅBO og 9 korttidsplassar som er lokalisert i 2. etg. på ÅBO. Avdelingsleiar er den raude tråden i avdelingane og går med vakttelefonen for tenesta. Ansvaret inkluderer mellom anna:

  • Personalansvar
  • Turnus og bearbeiding av hjelpeturnusar og timelister
  • Innleige av vikarar ved korte og lengre fråver
  • Oversikt og oppfølging av budsjett for avdelinga
  • Oppfølging av tenestemottakarar og pårørande og vurdering av tildeling av tenester.
  • Ansvar for at rutinar og prosedyrar vert følgt opp på avdelingane.

Fagsystem: Minvakt, Gerica og Acos

Kvalifikasjonskrav

Autorisasjon som sjukepleiar.

Personlege eigenskapar

Søkjar bør:

  • trivast i eit hektisk miljø
  • vere god på logistikk og planlegging
  • ha god diagnosekunnskap
  • ha gode mellommenneskelege eigenskapar
  • like arbeid med turnus og budsjett
  • ha gode datakunnskapar
  • ha god informasjonsformidling
  • Det er ønskjeleg at søkjar har tidlegare leiarerfaring.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillinga er løna etter stillingskode 7021 med for tida lønsplassering kr. 563.000,- pr. år i 100%
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
  • Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
  • Må ha førarkort for bil.
  • Politiattest vil verte krevd.
Gå til søknadsskjema
Til toppen