Frist: 14. Apr

Årdal kommune søkjer barnehagelærarar og fagarbeidar til barnehagane

Barnehagelærarar

Barnehagane i Årdal kommune har behov for å tilsetja barnehagelærarar. Me har både faste stillingar og vikariat.

Kvalifikasjonskrav

  • Til stillingar som barnehagelærar vert det krevd utdanning som barnehagelærar.
  • Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillingane er løna etter HTA.
  • Løn som barnehagelærar mellom kr. 410 000,- - kr. 505 000,-
  • Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

  • trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.

Kontaktperson

 

Fagarbeidar

Me har ledig 100% stilling som fast vikar i barnehagane.

Kvalifikasjonskrav

  • Til stillingen som fast vikar ønskjer me ein person som er fagarbeidar, og det er ei føremon med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning/praksis kan og søkje.
  • Den som vert tilsett må ha gode samarbeidsevner og vera fleksibel, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillingen er løna etter HTA.
  • Løn som fagarbeidar er mellom kr. 350 800 - kr. 430 000,- som assistent mellom kr. 301 500,- - kr. 405 100,-
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

  • trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.

Andre opplysningar

  • Stillinga som fast vikar skal brukast ved fråver i barnehagane i Årdal kommune.
  • Me har totalt 6 barnehagar, 4 i Øvre Årdal og 2 på Årdalstangen

Kontaktperson

 

Søknadsprosedyre
Trykk på «Gå til søknadsskjema» nedst i utlysninga. Vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden. Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen