Frist: 31. jan.

Årdal kommune søkjer barnevernskonsulent

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig

  • 100 % vikariat  som barnevernkonsulent frå snarast og fram til 10. april 2020.

Arbeidsoppgåver

  • Generelt barnevernsarbeid etter lov om barneverntenester.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning som barnevernspedagog. Det kan vurderast tilsetjing av andre med sosialfagleg utdanning på høgskulenivå. 
  • Det er ynskjeleg med relevant tilleggsutdanning innan fagområdet. Erfaring frå kommunalt barnevern er ei føremon. 
  • Den som vert tilsett må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter. Du må ha kunnskap om og evne til tverrrfagleg samarbeid. 
  • I tillegg må du ha erfaring i bruk av dataverktøy. I tenesta er det ein del reiseverksemd, det vert difor stilt krav om at du har førarkort og køyrer bil.

Personlege eigenskapar

  • Du må like nye utfordringar.
  • Du må kunne jobbe sjølvstending, strukturert og målretta. Samtidig må du ha evne til å kunne samarbeide og vere fleksibel.
  • Du må vere utadvendt, løysingsorientert og sosial.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Løn etter kvalifikasjonar. 
  • 2 % av løn vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
  • Den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil. Det må leggjast fram godkjend politiattest, jfr. Lov om barnevern § 6-10.
  • Tilsetjinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og avtalar.

Me tilbyr

  • Intern fagleg rettleiing, kurs og fagleg utvikling.
  • Du vil bli møtt med eit triveleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver.

Andre opplysningar

  • Frå 1. januar i år vart det innført felles barnevernvakt samarbeid mellom kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 

Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.

NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist 31.01.2019 Utlyst dato 15.01.2019 Vårref 980

Kontaktperson

Anne Fretheim Larsen, Barnevernsleiar, mobil: 95997019, anne.fretheim.larsen@ardal.kommune.no

Gå til søknadsskjema
Til toppen