Frist: 19. Apr

Årdal kommune søkjer Brannførebyggar/feiar

100% stilling som brannførebyggar/feiar.

Årdal kommune og Lærdal kommune har eit samarbeid på brann og beredskap.
Me er i ferd med å bygge ei førebyggande avdeling og søkjer etter brannførebyggar/feiar.
Som brannførebyggar/feiar er du ein viktig motivator for å oppretthalde og auke sikkerheita til innbyggarane med tanke på brann. Du er nøyaktig, sjølvstendig, utadvendt og ein god sosial lagspelar.

Har du sveinebrev som brannførebyggar/feiar eller er du allereie meister i faget?
Er du god på samarbeid samstundes som du arbeidar godt sjølvstending og er stolt over yrket ditt?
Om du i tillegg er interessert i vere ein del av kommunane sitt aller viktigaste arbeidsområde, då kan det hende du er den rette person for denne stillinga.


Arbeidsoppgåver

  • Feiing og tilsyn av fyringsanlegg
  • Sakshandsaming og oppfølging etter feiing og tilsyn
  • Brannførebygging, informasjon -og motivasjonsarbeid


Kvalifikasjonskrav

  • Meister eller sveinebrev som feiar
  • Stolt representant for yrket som byggjer gode relasjonar med innbyggarar og kollegaer
  • Gode munnlege og skriftlege evner
  • God helse og godt humør
  • Førarkort kl. B

Søkarar med meister-/sveinebrev og rette kvalifikasjonar, vil bli vurdert til å ta vidareutdanning som innsatsleiar/overordna befal i brannvernet.


Løn og tilsettingsvilkår

Stillinga er løna etter kvalifikasjonar/utdanning/ praksis og HTA (Hovedtariffavtalen)
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.


Me tilbyr

  • Ein aktiv arbeidskvardag og god kontakt med ulike menneske
  • Moglegheitar til å utvikle din eigen arbeidsplass
  • Arbeide tett saman med branninspektør og beredskapspersonell for å gje best mogleg faglege råd og veiledning til innbyggarane
  • Del av eitt brannførebyggande team


Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no.

 

Søknadsfrist: 19.04.21

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen