Frist: 14. aug.

Årdal kommune søkjer branninspektør/ -ingeniør

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Spennande moglegheit innan brann og redning — er dette noko for deg?

Me tilbyr:

  • 100 % stilling som branningeniør/ branninspektør i Årdal kommune
  • spennande og variert arbeidsoppgåver innanfor eitt viktig samfunnsområde.
  • Årdal og Lærdal kommunar har inngått samarbeid innan brann og redning, så arbeidet vil vera i begge kommunane.

Arbeidsoppgåver:

  • tilsynsarbeid og sakshandsaming i høve til brann- og eksplosjonsvernlova
  • motivasjons- og informasjonsarbeid innan brannvern, kurs og øvingar
  • andre arbeidsoppgåver relatert til risikobasert førebyggande arbeid og HMS
  • stillingen er tilknytta vaktordning

Kvalifikasjonskrav:

  • me ønskjer oss søkjarar med relevant høgskuleutdanning
  • anna generell brannfagleg utdanning, beredskapsutdanning
  • førarkort kode 160 er ei føremon
  • søkjar bør tilfredstilla forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen § 7-6
  • søkjar som ikkje fyller desse kvalifikasjonskrava, må forplikta seg til å ta eventuell manglande tilleggsutdanning etter tilsetjing
  • anna naudsynt kompetanse for stillinga vil bli pålagt å gjennomføra
  • godkjent politiattest, jf. brann- og eksplosjonsvernlova § 18.

Personlege eigenskapar:

Me søkjer etter ein person som er utadvendt, sjølvstendig, resultatorientert, strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Løn og tilsetjingsvilkår:

  • stillinga vert løna etter avtale
  • tilsetjinga skjer etter gjeldande tariffavtale
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon
  • det er seks månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar

For meir informasjon om stillinga, kontakt brannsjef Gaute Johnsgaard på 90116265 eller gaute.Johnsgaard@ardal.kommune.no.

Gå til søknadsskjema
Til toppen