Frist: 27. jan.

Årdal kommune søkjer byggesakshandsamar

Me har ledig

  • 100% stilling som byggesakshandsamar

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvar for byggesakshandsaming, sakshandsaming/vedtak av enkeltsaker og førebuing av saker til politisk handsaming
  • Tilsynsoppgåver etter plan og bygningslova
  • Ajourhald av matrikkel
  • Ajourhald på endringar i grunnlaget for eigedomsskatt
  • Rådgiving og publikumskontakt
  • Handsaming av bygge- og delesaker
  • Utslepp og utsleppstillatelse
  • Prosjektarbeid etter avtale, inkl utarbeiding av prosjektmandat 

Kvalifikasjonskrav

  • Me ønskjer oss ein person som har:
  • Relevant høgskuleutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gjerne erfaring innanfor fagområdet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Fleksibel til å utføre andre arbeidsoppgåver etter avtale.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Løn etter avtale utifrå kvalifikasjonar.
  • Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Kontaktperson

 

Søknadsprosedyre
Trykk på den raude knappen nedst i utlysninga. Vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen