Frist: 4. aug.

Årdal kommune søkjer ergoterapeut i 100% engasjement

Me har ledig 100 % stilling som ergoterapeut frå 01.09.2019 og ca. eitt år. Kontorstad i Øvre Årdal. Ergoterapitenesta i Årdal kommune består av 1,5 årsverk inkludert avdelingsleiar for ergo og fysioterapitenesta. 

Ergo- og fysioterapitenesta har fokus på helsefremjande og førebyggande tenester, behandling, rehabilitering, god samhandling med andre tenester og brukarmedverknad. Me yter tenester til alle aldersgrupper, både heimebuande og dei på institusjon. Ergo- og fysioterapi inngår som ein del av eit tverrfagleg tenestetilbod men blir også gitt som enkelttiltak.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging av funksjon og tilpasning for å fremje aktivitet og sjølvstende
  • Formidling og tilpasning av tekniske hjelpemidler
  • Tilrettelegging av fysiske omgivelser
  • Rettleiing, informasjon og undervisning
  • Individuell trening og/eller gruppetrening
  • Kvardagsrehabilitering - ny teneste under utvikling

Kvalifikasjonskrav

  • Offentleg godkjent ergoterapeut
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta
  • Må beherske norsk godt, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Kan jobbe sjølvstendig og i team
  • Kan kommunisere godt med både pasient, pårørande og samarbeidspartar
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Er fleksibel
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Lønn og tilsettingsvilkår

  • Løn etter avtale/Hovudtariffavtalen.
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Andre opplysningar

  • Søkjaren må disponere eigen bil. 
  • Politiattest vil bli krevd framlagt.

Søknadsfrist 04.08.2019 

Kontaktperson


Søknadsprosedyre

Klikk på den raude knappen nedst i utlysinga. Vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare. NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken. Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen