Frist: 25. feb.

Årdal kommune søkjer fagarbeidar i tekniske tenester

Me har ledig 100% stilling som fagarbeidar i tekniske tenester, utedrift.

Arbeidsoppgåver

  • Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehold av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning, avløp og renovasjon.
  • Denne stillingen har arbeidsoppgåvene i hovudsak innafor utedrift på park.
  • Den som vert tilsett kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innafor heile tenesteområdet.

Kvalifikasjonskrav

  • Me ser etter ein person som har fagbrev innan stell av park og grøntanlegg, men andre med erfaring kan og søkje.
  • Den som vert tilsett må ha sertifikat i klasse BE, det er og ei føremon med maskinførarbevis M4.

Personlege eigenskapar

  • Personlige eigenskapar vil verte vektlagte og me søkjer etter; ein person som er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma til eitt godt samarbeid og sjå gode løysingar.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillingen vert løna etter HTA, der utdanning og praksis vil verta lagt til grunn.
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr eitt godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar

For meir info, kontakt Svein Ove Åmås, Leiar utedrift, tlf: 97578490, svein.ove.amas@ardal.kommune.no.

 

Søknadsprosedyre

Trykk på den raude knappen nedst i utlysinga. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/ passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare. NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen