Frist: 17. sep.

Årdal kommune søkjer fastlege til vikariat

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Då ein av fastlegane ved Årdal legekontor skal ha permisjon for å gjennomføre eit år som LIS, har me frå 1. oktober 2018 ledig vikariat i driftsavtaleheimel i fastlegeordninga, med ei listelengde på for tida 930.

Me tilbyr

  • Veletablert arbeidsfellesskap med erfarne kollegaer, ALIS, turnuslege og hjelpepersonell i nyombygde, godt tilrettelagde kommunale lokale
  • Deltaking i forskningsprosjektet "Recruit and retain" i regi av Universitetet i Tromsø
  • 12-delt legevakt i interkommunalt samarbeid på kveld, natt og helg i Sogn LMS, Lærdal sjukehus
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Offentleg helsearbeid kan verte aktuelt i inntil 7,5 timar/ veke
  • Gode oppvekstvilkår for born
  • Korte avstandar til store og spektakulære naturopplevingar og eit rikt kulturliv.

Kvalifikasjonskrav

Me søkjer ein person som:

  • Er offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
  • Har gjennomført norsk turnusteneste
  • Kan ha sjølvstendig legevakt utan bakvakt med utrykningsplikt
  • Har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Har erfaring frå, og interesse for, arbeid i kommunehelsetenesta, akuttmedisin og legevakt
  • Det er ønskjeleg med spesialisering i allmennmedisin, men ikkje eit krav
  • Har førarkort for bil
  • Er samarbeidsorientert og fleksibel, personlege eigenskapar vil verte vektlagt
  • Kvinner vert særleg oppmoda om å søkje.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale. 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon. Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no, eller trykk på knappen nedst i denne utlysinga. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00. 

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken. Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson: Helen Koldal, kommunalsjef, mobil: 99018532, helen.koldal@ardal.kommune.no .

Gå til søknadsskjema
Til toppen