Frist: 12. nov.

Årdal kommune søkjer fastlege

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig

Årdal kommune lyser med dette ut 100 % stilling som allmennlege i spesialisering. Stillinga er knytt til ALIS vest prosjekt i Hordaland og Sogn og Fjordane fylke. Dette er eit prosjekt leia av Bergen kommune for spesialistutdanning av allmennlegar. Årdal kommune deltek i dette prosjektet.

Stillinga er knytt til Årdal legekontor som i dag har 6 fastlegeheimlar og tilknytt turnuslege. 1 fastlege er fastløna medan dei andre driv privatpraksis. Alle er lokalisert ved Årdal legekontor.

Legekontoret er nyrenovert, velutstyrt og har svært kompetente helsesekretærar, bioingeniør og sjukepleiarar som helsepersonell.

Som allmennlege i Årdal vert du ein del av legevaktsamarbeidet som er organisert gjennom Sogn lokalmedisinske senter. Det er lokalisert ved Lærdal sjukehus. Her vil du gå inn i ein 12 delt legevaktsturnus, samt vere del av eit team som har tilsynslegefunksjon ved dei lokale akuttsengene (KAD senger).

Arbeidsoppgåver

  • ansvar for listepasientar
  • felles ansvar for legevakt på dagtid
  • deltakarplikt i legevakt/ansvar for legevaktturnus

    Offentlege helseoppgåver som kan vere:
  • tilsynslege ved institusjonane
  • helsestasjonslege
  • rettleiing av turnuskandidat

Kvalifikasjonskrav

Me søkjer etter ein fagleg dyktig lege med gode personlege eigenskapar som høver for praktisering av god legeteneste. Du må også ha:

  • godkjend norsk autorisasjon som lege
  • fullført turnusteneste eller fått godkjend tilsvarande teneste av Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjer det mogeleg å praktisere som fastlege
  • ha refusjonsrett frå Helfo
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. Språknivå vert vektlagt i tilsetjingsprosessen
  • godkjend politiattest
  • kjennskap til norsk helselovgjeving, ASA avtalen og fastlegeforskrifta
  • førarkort

Personar som i løpet av dei tre siste åra har hatt opphald i minst tre månader i land med høg førekomst av tuberkolose, må ved tilsetjing legge fram godkjend tuberkulinprøve som ikkje er eldre enn tre månader.

Lønn og tilsettingsvilkår

ALIS-legen skal ha ei fastløna stilling som fastlege i kommunen. Løn etter avtale.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Utdanningstida er minimum 5 år inklusivt eitt års spesialisthelseteneste.

Me tilbyr

  • høgt fagleg nivå på tenesta og eit utviklande arbeidsmiljø
  • god kollega
  • hjelp til å skaffe bustad
  • gunstig pensjons- og forsikringsordning

Kontaktar

Søknadsprosedyre

Trykk på den raude knappen nedst i denne utlysinga. Der får du lista opp stillingar i Lærdal som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen