Frist: 19. mars

Årdal kommune søkjer ferievikarar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Kommunen ser etter folk til tekniske tenester og friluftsbada, SFO, bu- og miljøtenesta og eldreomsorg.

Vikariata er kjapt oppsummert under. Sjå Årdal kommune for meir informasjon.

 

Ferievikarar i tekniske tenester og friluftsbada
Stillingane er delt inn i to periodar à 4 veker.

  • 1. periode: 25.06.18 - 22.07.18
  • 2. periode: 23.07.18 - 19.08.18

Desse stillingane gjeld fyrst og fremst for ungdommar som fyller 17 år i 2018, fødd i 2001, men i friluftsbadet kan og eldre enn 17-åringar søke.

  • Park: 2 personar, 1 i kvar periode
  • Renovasjon: 4 personar, 2 i kvar periode. Nærare opplysingar om stillingane i park og på renovasjon kan du få hjå Sven Erik Jevnaker mobilnr. 959 89 343.
  • Assistentar til driftsansvarlige på FDV: 2 personar , 1 person i kvar periode. Nærare opplysningar om desse stillingane kan du få hjå Frank-Runar Øren mobilnr. 917 47 875.
  • Badevaktar i friluftsbada: stillingane i friluftsbada er delt inn i 2 periodar, kvalifikasjonskrav til desse stillingane er god sømjedugleik, fyrstehjelpskurs m/livredning (opplæring vil bli gjeve). Nærare opplysningar om desse stillingane kan du få hjå Frank-Runar Øren mobilnr. 917 47875.

 

Ferievikar i SFO
Me søkjer etter personar som er 17 år(2018) eller eldre, som er positiv, glad i barn og kan jobba sjølvstendig med spennande aktivitetar både inne og ute. SFO held open heile sommaren utan om veke 29 og 30, da er SFO stengt. Opningstida 06.45-16.00 der arbeidstida er inndelt i vakter. Du må kunne legge fram godkjent politiattest. Løn etter hovudtariffavtalen.

 

Ferievikarar i bu- og miljøtenesta
Bu- og miljøtenesta treng ferievikarar i tida ca.11.06.18 - 19.08.18 i Grandane bufellesskap, Øvstetunsvegen bufellesskap, Uravegen bufellesskap, avlastningsbustad, personleg assistansetiltak og i psykisk helseteneste. Vi ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne. 

Det er ulike turnusordningar i avdelingane. Nokon arbeider i kombinasjonsturnus med korte og lange vakter, medan ein i nokre tiltak berre arbeider lange vakter og medleverturnus. Søkjarane bør helst vera over 18 år da det er turnusarbeid. I nokre av tiltaka er det ein fordel å ha førarkort i klasse B, skriv om du har førarkort. Politiattest vert kravd framlagt, jfr. Lov om helsetenester. 

 

Ferievikarar i eldreomsorg
Eldreomsorg treng i tida ca.11.06.18 - 19.08.18 ferievikarar i følgjande stillingar denne sommaren:

  • Heimehjelptenesta: heimehjelparar i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Det er arbeid på dagtid.
  • Årdal sjukeheim: sjukepleiarar/ hjelpepleiarar/ omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid i pleie. Turnusarbeid.
  • Produksjonskjøkken: kokk/ assistentar til arbeid på produksjonskjøkken og kjøkken ÅBO. Turnus.
  • Seimsdal sjukeheim: sjukepleiarar/ hjelpepleiarar/ omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar (studentar/ elevar) og assistentar til arbeid i pleie. Turnusarbeid.
  • Heimesjukepleien: Årdalstangen har 1 sone (ute) og 1. etg. Årdal sjukeheim, Øvre Årdal har 2 soner ( ute og ÅBO). Vi treng sjukepleiarar/ hjelpepleiarar/ omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar, sjukepleiestudentar. Turnusarbeid. Må ha førarkort.
Gå til søknadsskjema
Til toppen