Frist: 25. mars

Årdal kommune søkjer fyktningkonsulent

100% vikariat - Flyktningkonsulent

Årdal kommune/ NAV Årdal har ledig 100% svangerskapsvikariat som flyktningkonsulent frå 1. mai 2019 til og med 10. mars 2020.

Flyktningtenesta er lagt til NAV Årdal. I tillegg til denne stillinga, er det tilsett fagleiar for flyktningområdet i 100% stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Syte for at bustader er klare for innflytting når flyktningar kjem til kommunen.
  • Praktisk hjelp og rettleiing til å bli kjend i kommunen og bruk av offentlege tenester.
  • Utarbeide individuell plan og individuell oppfølgjing av den einskilde flyktning.
  • Oppfølgjing av flyktningar i introduksjonsprogrammet.
  • Praktisk oppfølgjing- og tilsyn av flyktningbustader.
  • Planleggje og gjennomføre ulike aktivitetar kommunalt og interkommunalt.
  • Samarbeide tett med frivillige lag og organisasjonar om integreringstiltak.
  • Sakshandsaming
  • Oppfølgjing i forhold til kvalifisering, utdanning og arbeidsretta aktivitet.

Stillingsomtalen kan bli endra ved behov.

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum 3 år relevant utdanning frå høgskule eller universitet, sosialfagleg utdanning vert prioritert.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, særleg evne til samarbeid og kommunikasjon, strukturert og målretta arbeid- og evne til å finne gode løysingar.
  • Det vil bli krav om vandelsattest.

Me tilbyr

  • Meiningsfylt arbeid med oppgåver innan viktige samfunnsområder.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Aktivt og godt arbeidsmiljø saman med fagleg sterke og engasjerte medarbeidarar.

Lønn og tilsettingsvilkår

  • Fleksibel arbeidstid og lønn etter avtale.
  • 2% vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Andre opplysningar

  • Søkjarar må ha førerkort klasse B og disponera bil.
  • Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Kontaktpersonar

Søknadsprosedyre
Trykk på den raude knappen nedst i utlysinga. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare. NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen