Frist: 14. jan.

Årdal kommune søkjer helsesekretær 90% fast stilling

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Ledig frå 01.02.2019

Vi ynskjer å tilsette ein helsesekretær ved Legekontoret i Øvre Årdal. Vi treng ein i ei 90% stilling då ein av vore helsesekretærar har nådd pensjonsalder. 

Stillinga inneber mykje pasientkontakt i resepsjon, pr. telefon og i laboratorium. Det er difor viktig med gode norskkunnskapar, og personlege eigenskapar vert vektlagd. Det er ynskjeleg at søkar har helsesekretærutdanning med relevant praksis. I tillegg krevast gode evner til kommunikasjon med pasientar. 

Arbeidsoppgåver

  • Ekspedisjon og telefon med timebestilling, resept fornying, m.m.
  • Laboratoriearbeid; prøvetaking og analysering.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert helsesekretær
  • Beherske norsk flytande, munnleg og skriftleg
  • Fordel med praksis frå legekontor

Personlege eigenskapar

  • Positiv og serviceinnstilt haldning
  • Stor arbeidskapasitet og trivast på ein arbeidsplass med tidvis høg aktivitet
  • Evne til å kommunisere godt med pasientar og andre instansar
  • Du vil vere med på å utvikle legesenteret og bidra til ein god fastlegeteneste for innbyggarar

Løn og tilsettingsvilkår

  • Løn etter avtale
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune

Me tilbyr

Øvre Årdal legekontor har 7 fastlegar og 1 turnuslege (LIS1), 1 bioingeniør, 3 helsesekretærar og 3 sjukepleiarar. Legekontoret nyttar pasientjournalsystemet CGM, WinMed3. Det er eit travelt kontor med god pågang. Vi kan tilby god opplæring, eit godt arbeidsmiljø med godt samarbeid og varierte arbeidsoppgåver.

Årdal kommune er ein inkluderende arbeidsliv-bedrift (IA).

Kontaktperson:

 

Søknadsprosedyre

Klikk på den raude knappen nedst i utlysinga. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen