Frist: 16. Mar
(Foto: Jan-Tore Egge)

Årdal kommune søkjer helsesjukepleiar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i helsestasjons- og skulehelsetenesta, med snarleg tiltreding.

For å auke opp førebyggande og helsefremmande innsats for barn- og unge i Årdal kommune treng me fleire medarbeidarar. Me ynskjer primært å auke opp lågterskeltilbodet og legga til rette for eit godt miljø i skulane.

Arbeidsoppgåver
Til helsesjukepleiarstillinga ligg førebyggande og helsefremmande arbeid i helsestasjons-og skulehelsetenesta, Helsestasjon for ungdom og smittevernarbeid. Arbeid for Psykososialt kriseteam må påreknast.

Kvalifikasjonskrav
Vi ynskjer søkjar med helsesjukepleiarutdanning, men sjukepleiarar kan også søkje. Sjukepleiar må på sikt forplikte seg til å gjennomføre vidareutdanning. Må meistra munnleg og skriftleg norsk.

Personlege eigenskapar
Stillinga føreset gode samhandlings- og samarbeidsevner, i tillegg evne til sjølvstendig arbeid og læringslyst. Det vert lagt stor vekt på interesse for fagfeltet, motivasjon for skulehelseteneste- og helsestasjonsarbeid, fleksibilitet og positivitet. 

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og avtale, jfr. HTA.2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Godt fagmiljø, gode fysiske arbeidstilhøve, god arena for utfordringar og utvikling og godt samarbeid innad og med andre instansar i kommunen.

Andre opplysningarSøkjar må disponere bil og ha førarkort. Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

Kontaktperson


Søknadsprosedyre
Trykk på «Gå til søknadsskjema» nedst i utlysninga. Vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden. Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen