Frist: 16. april

Årdal kommune søkjer helsesøster

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Meir informasjon finn du på heimesida vår: www.ardal.kommune.no

Me har ledig

100% stilling som helsesøster med snarleg tiltreding.

Arbeidsoppgåver

Til helsesøsterstillinga ligg førebyggande og helsefremmande arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta. 

Helsestasjon for ungdom og smittevernarbeid.

Kvalifikasjonskrav

Vi ynskjer søkjar med helsesøsterutdanning, men sjukepleiarar kan også søkje. Sjukepleiar må på sikt forplikte seg til å gjennomføre vidareutdanning. Må beherske norsk både munnleg og skriftleg. 

Personlege eigenskapar

Stillinga føreset gode samhandlings- og samarbeidsevner, i tillegg evne til sjølvstendig arbeid og læringslyst. Det vert lagt stor vekt på interesse for fagfeltet, motivasjon for skulehelseteneste- og helsestasjonsarbeid, fleksibilitet og positivitet.

 Lønn og tilsettingsvilkår

Løn etter utdanning og kvalifikasjonar.

2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

Godt fagmiljø, gode fysiske arbeidstilhøve, god arena for utfordringar og utvikling. Godt samarbeid innad og med alle 

helseinstansar i kommunen.

 Andre opplysningar

Søkjar må ha førarkort og disponere bil. Politiattest må leggast ved søknad.

 Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 

Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 

passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.

NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Søknadsfrist 16.04.2018 Utlyst dato 21.03.2018 Vårref 930

 

Kontaktperson

Anne Berit Lerum, Leiande helsesøster, mobil: 46 93 66 31, anne.berit.lerum@ardal.kommune.no

Helen Koldal, Ass. kommunalsjef, mobil: 99018532, helen.koldal@ardal.kommune.no

 

Send søknad på e-post
Til toppen