Frist: 12. nov.

Årdal kommune søkjer kommunalsjef for Oppvekst og Kultur

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Brenn du for eit godt oppvekstmiljø for barn og unge? Er du ein strategisk og samlande toppleiar som vil vera med å styrke og vidareutvikle Årdal kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar?

Med atterhald om politisk godkjenning i samband med budsjettprosessen for 2020, søkjer me etter ein handlekraftig og tillitsbyggjande toppleiar som skal leia oppvekst- og kultur sektoren.

Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Kommunalsjefen inngår i rådmannen si leiargruppe.

Ansvarsområde

Årdal kommune er organisert i 3 kommunalsjefsområde og det er ein av desse du skal leie. I tillegg har kommunen stabs-og støttefunksjonar. Kommunalsjefen vil få ansvar for 2 grunnskular inkl. vaksenopplæring, 6 barnehagar, PPT, barnevern, kulturskule, bibliotek, kino og ungdomsarbeid. Kvart område har sin leiar med delegert fag, personal og økonomiansvar. Dei rapporterer til kommunalsjef. Det er tilsaman 203 tilsette i området, fordelt på 172 årsverk. Den som vert tilsett vil få ansvar for styring av eit budsjett på ca 117 millionar.

Kvalifikasjonskrav

Me ynskjer ein kommunalsjef med relevant høgare utdanning.
Du bør ha erfaring frå eit eller fleire av tenesteområda sine faglege arbeidsfelt. Kjennskap til kommunal verksemd er ei føremon. Du må også ha leiarerfaring og kunnskap om budsjett og økonomistyring.

Personlege eigenskapar

Arbeidsgjevarpolitikken til Årdal kommune set tydlege føringar for leiarrolla. Me ynskjer ein kommunalsjef som jobbar strukturert og målretta, er god på relasjonsbygging, har evne til å skape tillit og eit godt omdømme både innad og utad. For å lukkast i rolla er det viktig at du er utviklings- og løysingsorientert i di tilnærming til andre og har ei tydleg åtferd.

Løn og tilsetjingsvilkår

  • Løn etter avtale. Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune
  • Tiltredning etter nærare avtale.

Kontaktperson


Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord. 

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg. Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.

NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden. Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen