Frist: 12. Apr

Årdal kommune søkjer kommunalsjef teknisk, plan og miljø

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig stilling som kommunalsjef for teknisk, plan og utvikling og søkjer etter nettopp deg som er ein strategisk og samlande toppleiar som vil vera med å styrke og vidareutvikle Årdal kommune.

Har du leiarerfaring, relevant høgare teknisk utdanning og erfaring med bygg- og planprosjekt? Jobbar og tenker du strategisk, er god på relasjonsbygging og målretta? Da kan det hende du er den me er på utkikk etter.

Me har ambisjonar om å verte blant Noreg sin fremste miljøkommune med fokus på bærekraft. Me skal tilrettelegge for at den miljøvenlege industrien, med produksjon av aluminium og komponentar til solceller, held fram si positive utvikling. Du blir sentral i dette arbeidet som kommunalsjef.

Årdal kommune har nyleg vorte nasjonalparkkommune og kommunalsjef vil få ansvar for praktisk tilrettelegging for arbeid innan dette området.

 

Arbeidsoppgåver

Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar med økonomi-, personal-, fag og utviklingsansvar og blir ein del av kommunedirektøren si leiargruppe.

I tillegg blir hovudoppgåvene å ha ansvar for klimatilpassing, investeringsprosjekt, plan, byggesak, FDV (forvaltning, drift- og vedlikehald), VAR (vatn, avløp og renovasjon) området, utedrift, brann og miljø.

 

Kvalifikasjonskrav

Relevant høgare teknisk utdanning.

Erfaring frå eit eller fleire av faglege felta nemnt ovanfor.

Kjennskap til kommunal verksemd er ei føremon.

Leiiarerfaring og kunnskap om budsjett og økomomistyring.

Erfaring med prosjektleiing og planarbeid

 

Personlege eigenskapar

Arbeidsgjevarpolitikken til Årdal kommune set tydlege føringar for leiarrolla.

Me ynskjer ein kommunalsjef som jobbar strukturert, ryddig og målretta, er trygg, lyttande, synleg og tydeleg leiar.

For å lukkast i rolla er det viktig at du er utviklings- og løysingsorientert. Du må ha evne til å gjennomføre og takle både strategiske og operative utfordringar.

Du må vere god på kommunikasjon, både skriftleg og munnleg.

 

Løn og tilsetjingsvilkår

Løn etter avtale. Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.

Det er seks månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

 

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no.

 

 

Søknadsfrist: 12.04.21

 
Gå til søknadsskjema
Til toppen