Frist: 9. Nov

Årdal kommune søkjer kommunalsjef teknisk, plan og utvikling

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Brenn du for miljøet, for samfunnsutvikling og heilskaplege løysingar?

Har du leiarerfaring, teknisk utdanning og erfaring med bygg og planprosjekt? Er du i tillegg strategisk anlagt, god på relasjonsbygging og målretta - då kan det hende du er den me er på utkikk etter.

Me har ledig stilling som kommunalsjef for teknisk, plan og utvikling og søkjer etter nettopp deg som er ein strategisk og samlande toppleiar som vil vera med å styrke og vidareutvikle Årdal kommune.

Me har ambisjonar om å verte blant Noreg sine fremste miljøkommunar, der rolla som nasjonaparkkommune blir viktig. Me skal tilrettelegge for at den miljøvenlege industrien, med produksjon av aluminium og komponentar til solceller, held fram si positive utvikling. Du blir sentral i dette arbeidet som ny kommunalsjef.


Arbeidsoppgåver

Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar med økonomi-, personal-, fag og utviklingsansvar og blir ein del av kommunedirektøren si leiargruppe.

I tillegg blir hovudoppgåvene å ha ansvar for samfunnsutvikling, investeringsprosjekt, plan, byggesak, FDV (forvaltning, drift- og vedlikehald), VAR (vatn, avløp og renovasjon) området, utedrift, brann og miljø.


Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning.
  • Erfaring frå eit eller fleire av faglege felta nemnt ovanfor.
  • Kjennskap til kommunal verksemd er ei føremon.
  • Leiiarerfaring og kunnskap om budjsett og økomomistyring.
  • Erfaring med prosjektleiing og planarbeid.

 

Personlege eigenskapar

  • Arbeidsgjevarpolitikken til Årdal kommune set tydlege føringar for leiarrolla.
  • Me ynskjer ein kommunalsjef som jobbar strukturert og målretta, er god på relasjonsbygging, har evne til å skape tillit og eit godt omdømme både innad og utad.
  • For å lukkast i rolla er det viktig at du er utviklings- og løysingsorientert. Du må ha evne til å gjennomføre og takle både strategiske og operative utfordringar.
  • Du må vere god på kommunikasjon, både skriftleg og munnleg.

 

Løn og tilsetjingsvilkår

Løn etter avtale. Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

 

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Kontaktperson

Stig Stark-Johansen, Kommunedirektør, tlf: 92414887, stig.stark-johansen@ardal.kommune.no 

 

Søknadsfrist: 09.11.2020 

Gå til søknadsskjema
Til toppen