Frist: 30. juli

Årdal kommune søkjer lærar ved grunnskulen

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig
Årsvikariat i 100 % stilling som lærar ved Farnes skule frå 1. august 2018.

Arbeidsoppgåver
Stillinga er knytt til undervisning på barnesteget (småskulesteget/mellomsteget).

Kvalifikasjonskrav
Godkjend lærarutdanning, jfr. Forskrift til opplæringslova kap. 14. Me søkjer etter lærar med allmenne fag. Me oppfordrar menn til å søkje. Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest.

Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar. Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga vert løna etter læraren sine kvalifikasjonen, jfr. Hovudtariffavtalen.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Per Kristian Pedersen, Rektor, mobil: 90701139, Per.Kristian.Pedersen@ardal.kommune.no

Gå til søknadsskjema
Til toppen