Frist: 20. Apr

Årdal kommune søkjer lærarar ved grunnskulane i Årdal kommune

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Årdal kommune har 2 grunnskular, Farnes skule i Øvre Årdal og Tangen skule på Årdalstangen, og det vert ledige stillingar som lærar ved skulane frå 01.08.2020. Det er både faste stillingar og stillingar i vikariat.

Arbeidsoppgåver

Stillingane som lærar har arbeidsoppgåver knytt til undervisning både på barnesteget og ungdomssteget, og oppgåvene kan og vere relatert til særskild miljøarbeid i klassane, i gruppe eller for einskildelevar.Den som vert tilsett må rekne med å bli pålagt kontaktlæraransvar

Kvalifikasjonskrav

For undervisningsstillingar er det krav om godkjent, relevant utdanning ihht. Forskrift til opplæringslova Kap. 14. Me søkjer generelt etter kompetanse innan almenne fag, men skulane har særskild trong for søkjarar med erfaring frå arbeid med einskildelevar, t.d. med kompetanse innan sosialpedagogikk og spesialpedagogikk.

Me oppfordrar menn til å søkje.

Dei som vert tilsett, må kunne legge fram godkjent politiattest av nyare dato.Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillingane er løna etter HTA,  vurdert utifrå utdanning og praksis..
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
  • Me tilbyr- eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.- løns- og arbeidsvilkår ifl. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar.- gode pensjon- og forsikringsordningar (2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon

Kontaktperson

Søknadsprosedyre
Trykk på «Gå til søknadsskjema» nedst i utlysninga. Vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden. Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen