Frist: 29. sep.

Årdal kommune søkjer leiar for Grandane bufellesskap

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig 100% fast stilling som leiar for Grandane bufellesslap.

Grandane bufellesskap er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Det er 6 bueiningar i bufellesskapet.

Det er døgnkontinuerleg drift og me yter tenester etter helse og omsorgstenestelova.

Stillinga er ei mellomleiarstilling som ein del av administrasjon i Bu - og miljøtenesta. Arbeid på dagtid.

Arbeidsoppgåver

Leiar er driftsleiar for bufellesskapet og har personal, fag og budsjettansvar. Det er utarbeida stillingsforklaring for stillinga. I tillegg til leiar er det 50 % ressurs som fagleiar i Grandane bufellesskap. Denne skal avlaste/styrke leiar.

Som leiar skal du ha tett dialog med brukarar og pårørande. Du skal vere med å rekruttere og sikre rett kompetanse hjå dei tilsette slik at tenester som vert ytt er etter gjeldande juridiskm fagleg og etisk grunnlag. Leiar har ansvar for å etablere gode og forsvarlege rutinar for drift av Grandane og sjå til at desse vert fulgt.

Kvalifikasjonskrav

Minimum 3 årig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag. Vidare er det ynskjeleg med:

  • leiarerfaring
  • erfaring med og kjennskap til målgruppa, samt god kunnskap om målretta miljøarbeidet og kap 9
  • erfaring frå arbeid med turnusplanlegging og bruk av elektronisk ressursstyringssystem
  • erfaring med å utarbeide og evaluere tiltak, samt erfaring med å rettleie

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein person som:

  • er sjølvstendig, endringsvillig og nytenkande.
  • bidreg til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving
  • har evne til å motivere, ta avgjersler og delegere.
  • har evne til å skape gode relasjonar med tilsette, brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar.
  • som har kunnskap om profesjonalitet, etikk, lov og regelverk
  • har erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Lønn og tilsettingsvilkår

Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil verte krevd.

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

 

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.

NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

 

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.


Søknadsfrist 29.09.2019 

Kontaktperson
Marita Opheim, Leiar for bu- og miljøtenesta, mobil: 99521531, marita.opheim@ardal.kommune.no

Gå til søknadsskjema
Til toppen