Frist: 9. Mar
KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA

Årdal kommune søkjer leiar for Uravegen bufellesskap - Bu- og miljøtenesta

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig 100 % fast stilling som leiar i Uravegen bufellesskap fom 01.06.20.

Uravegen bufellesskap er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Det er 4 bueiningar i bufellesskapet. Det er døgnkontinuerleg drift.

Stillinga er ei avdelingsleiarstilling i Bu - og miljøtenesta. Avdelingsleiar arbeidar turnus med arbeidar kvar 3. helg.

Stillinga er fordelt med om lag 70 % i drift turnus og 30 % administrativt arbeid.

Arbeidsoppgåver

Leiar er driftsleiar for bufellesskapet og har personale, fag og budsjettansvar. Det er utarbeida stillingsforklaring for stillinga.

  • Leiar er fagleg ansvarleg for bufellesskapet
  • Leiar har ansvar for oppfølging av sjukmelde, medarbeidarsamtalar, personalmøter, personalreglement og skal bidra til god informasjonsflyt
  • Leiar skal sikre god ressursbruk innanfor gitt råme. Leiar har ansvar for budsjett og rekneskap i samarbeid med tenestleiar.
  • Leiar skal arbeide for eit inkluderande arbeidsmiljø som bidreg til engasjerte og ansvarleg gjorte medarbeidarar.
  • Leiar har ansvar for dagleg vedlikehald av turnus og innleige, søknadsprosess rundt utvida arbeidstid
  • Leiar har ansvar for HMS arbeid og avvikshandtering
  • Leiar har ansvar for at teneste vert ytt i tråd med vedtak og etter gjeldande regelverk
  • Leiar har ansvar for å arbeide førebyggande i høve bruk av makt og tvang

Kvalifikasjonskrav

Minimum 3 årig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag. Det er ynskjeleg med relevant vidareutdanning innan administrasjon og leiing og/eller erfaring som leiar.

Bebuarane har bil, den som vert tilsett skal arbeide i drift og må derfor ha sertifikat på personbil.

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein person som er:

  • sjølvstendig, endringsvillig og nytenkande.
  • Som bidreg til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving
  • Som har evne til å motivere, ta avgjersler og delegere.
  • Som har stor arbeidskapasitet og evnar å skape gode relasjonar med tilsette, brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar.
  • Som har kunnskap om og interesse for å arbeide med personar med utviklingshemming

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Lønn og tilsettingsvilkår

  • Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
  • 2 % vert trekt til tariff festa tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
  • Det er krav om politiattest etter Helse- og omsorgstenestelova § 5- 4.

Andre opplysningar

Det er ein fordel å ha jobba etter åtferds terapeutiske tilnærmingar.

Kontaktperson

 

Søknadsprosedyre
Trykk på «Gå til søknadsskjema» nedst i utlysninga. Vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden. Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen